Hopp til hovedteksten
Kveiteyngel
Utskriftsvennlig versjon

30 år lang jakt på kveita sine løyndommar

På byrjinga av 1970-talet hadde ein lukkas med å oppdrette laks og regnbogeaure i sjøen, og konturane av ei ny stor kystnæring byrja å ta form. Etter å ha tamd ”elvas konge” var turen komme til dronninga. Kunne ein greie å oppdrette kveite ville dette kanskje bli ei ny stor næring.

Av Tore S. Kristiansen, forskar, Havforskningsinstituttet, Austevoll

Kveita er ein av våre største fiskar og kan verte meir enn 3,5 m og 250 kg tung. Kveita var i gammal tru sjølve ”Gudefisken” og  ein heilag fisk (derav ”hellefisk”). Gjennom tidene har den vore høgt akta og mat til bryllaup og fest. Kveite kan fiskas langs heile norskekysten, men bestanden vart sterkt redusert på slutten av 1930 talet etter rovfiske med garn  på gytefelta. Sidan har bestanden aldri teke seg skikkeleg opp att, på tross av garnforbud i gytetida. Ikkje mange av oss opplever i dag å få ei kveite på kroken.

Havforskningsingsinstituttet etablerte ei eiga ”Avdeling for Akvakultur”, og i 1978 vart ”Akvakulturstasjonen i Austevoll” grunnlagd. Kveita var godt betalt og vaks truleg godt i kaldt vatn.

I motsetning til laksen, der ein hadde produsert yngel i meir enn hundre år, var så godt som heile kveitas tidlege livsfasar ukjende. I havet hadde forskarar funne kveiteegg i håvtrekk på 200-300 meters djup,  men den einaste kveitelarven som er funne til no vart funne på ti meters djup i Sørøysundet i Nord-Norge. På 1930-talet hadde Gunnar Rollefsen (seinare direktør på Havforskningsinstituttet) klart å klekke egg frå kveite i akvariet i Trondheim. Han beskreiv larvene som svært ømfintlege. Plommesekkstadiet varte uvanleg lenge, men han greidde ikkje å få larvene til  å leve meir enn 10 dagar. Utfordringane var med andre ord svært store. Akvakulturstasjonen i Austevoll skulle bli ein viktig stad for denne utforskinga

Den fyrste kveiteyngelen

Bilde-1-Storkveite_180.jpg


Ulike stadier i utviklinga hos kveitelarvene: to øvste er plommesekkstadiet, fire neste er levandefôr-fasen. Her er Artemia som larvane har spist synlege som raude band i tarmen. Den nedste larven har òg defekt augevandring, noko som skuldast mangelfull ernæring.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I februar 1974 var Victor Øiestad  den første som klarte å befrukte egg frå garnfange kveite.  Øiestad klarte å halde liv i mange av larvene, men berre nokre få tok til seg mat. Etter 60 dagar døydde den siste. Øiestad vart seinare ein av hovudmotorane for satsinga på oppdrett av marin fisk ved stasjonen i Austevoll. Først i 1979  vart det gjeve nye pengar til innfanging av gytefisk, og ein lykkast igjen å befrukte egga som vart send til forskingsstasjonen i Flødevigen. Etter at dei hadde klekt, vart dei satt ut i svarte plastposar og tilført krepsdyrplankton filtrert frå sjøen. Berre ei av kveitelarvene overlevde til ferdig flatfisk. Dette hadde vist at kveita kunne oppdrettas, og at målet var innan rekkevidde.

Å basere seg på villfanga gytefiske var dyrt og tungvint. Skulle ein komme vidare no trengte ein eigen stamfisk. På byrjinga av 1980 talet vart det derfor bygd opp stamfiskbestandar både i privat og offentleg regi. Havbrukstasjonen fekk eigen stamfisk i 1985 innfanga frå Bjørnefjorden. I 1983 greidde forskarar ved stasjonen å produsere 60.000 torskeyngel i Hyltropollen, ein avstengt sjøvasspoll på Austevoll. Optimismen på stasjonen var derfor stor med tanke på kveita. To år seinare vart dei to første kveitene produsert i store plastposar flytande i sjøen. Desse kveitene vart oppkalla etter fiskeridirektørane Hallstein og Viggo Jan.  Dei  vart vist frem på messer og fjernsyn og vart reine rikskjendisar. Året etter blei over 100 kveiter produsert. Ein følte ein var nær det store gjennombrotet, …. men framleis var det mange skjær i sjøen.

Gyting og startfôring

Kveita er kanskje det vanskelegaste fiskeslaget i våre farvatn ein kunne valt å oppdrette. Ei stor kveite kan gyte over ein million egg, fordelt på fleire porsjonar. Men i motsetning til torsken gytte ikkje kveita naturleg i stamfiskkara.  Egga måtte strykas frå hoa når dei var passe modne. For å finne ut dette måtte ein fylgje med når kveitene slapp egg og finne rytmen til den enkelte fisken. Deretter måtte ein handtere dei 50-100 kg store hoene opp på eit brett og prøve å få ho til å sleppe egga. Lukkast dette, må ein fanga inn ein langt mindre og meir villeg hann til å befrukte egga. Egga klekkast etter rundt 12 dagar, men det går ein heil månad etter klekking før larvene er klare  til å ete. Ved klekking er larvene svært lite utvikla og heng fast i ein stor plommesekk. Dei er svært sårbare for skader og infeksjonar. For å få dei til å overleve vart det bygd store glasfibersiloar etter modell frå posane som Øiestad nytta i sjøen. Tilhøva i siloane måtte etterlikne dei naturlege forholda på 200 meters djup, kor larvene er vane med stummande mørke i kaldt og salt djupvatn. Når larvene var klare til å ete, vart dei sett ut i kar eller plastposar med levande plankton.

I byrjinga vart det brukt plankton samla inn frå pollar eller sjøen. Dette gav fine og normalutvikla yngel, men mattilgongen var for usikker til at ein kunne få ein stabil produksjon. I dag brukar ein krepsdyret Artemia, som kan klekkast heile året frå egg kjøpt på boks. Ulempa er at næringsinnhaldet ikkje er fullgodt, og mykje av yngelen får unormal skinnfarge. Auga vandrar heller ikkje til normal posisjon på hovudet. Dette kan forbetras med å fôre Artemia med fiskeoljer og andre essensielle næringsemnar før ein gjev dei til kveitelarvene. Ein arbeider framleis med å finne den rette blandinga. Å få kveita til å gyte heile året er også viktig for å kunne produsere yngel året rundt. Dette kan gjerast ved å styre daglengden og på denne måten lure kveitene til å tru at det er ei anna årstid.

Havbrukstasjonen si rolle
For finne svar på alle spørsmåla rundt kveiteoppdrett måtte det satsas på brei front. Lite eller ingen ting var kjent frå før, og utstyr og prosedyrar for produksjon av kveiteyngel måtte utviklas frå grunnen. Under leiing av stasjonsleiar Ingvar Huse, vart det bygd opp ei sterk forskargruppe med kompetanse på mange felt som marinbiologi, fiskeernæring, mikrobiologi, fysiologi, atferd og oppdrettsteknologi. Stasjonen har også samarbeid nært med Universitetet i Bergen og andre forskingsinstitusjonar. Fleire av forskarane gjekk også etterkvart ut i næringa  for å prøve og oppskalere kveiteproduksjonen til kommersiell skala. Ein kan derfor trygt seie at storparten av det vitskaplege grunnlaget for ei kveitenæring er lagt på havbruksstasjonen i Austevoll dei siste 20 åra. Nærare 40% av alt som er skreve om kveita har sitt opphav i forskninga utførd ved Austevoll havbruksstasjon.

Status for kveitenæringa

Bilde-4-Yngelproduksjon-i-N.jpg

Yngelproduksjon av kveite i Noreg. Siste åra har intensiv produksjon teke øve i forhold til produksjon frå posar i pollar. Nedgongen i 1995 skuldast mellom anna ein virussjukdom (VER) som sette yngelproduksjonen mykje tilbake i siste halvdel av 90-åra.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva er så status for kveiteoppdrett i dag? Dei siste åra har det vorte produsert rundt ein halv million yngel i året. I tillegg vert det importert nokre hundre tusen kveiteyngel frå Island. Utviklinga har vore hindra av mangel på yngel og at kvaliteten på yngelen er til dels dårleg.

Nokre få hundre tonn oppdrettskveite blir seld i året. Både kvalitet og pris er utmerkt, og etterspurnaden er stor. Mange oppdrettarar har prøvd med oppfôring av kveite i kar og merdar, med variabelt resultat. Kveita kan vere aggressiv og skader på auger og finnar oppstår ofte. Vidare trivs ikkje kveita like godt i oppdrett som laksen, og appetitten og veksten har vore dårlegare enn forventa. Berre ei handfull anlegg satsar no stort på yngel- og matfiskproduksjon av kveite. Vi ventar at matfiskproduksjonen stig over 1000 tonn allereie neste år.

Uløyste problem
Sjølv om vi kan seie at grunnmuren for ei kveitenæring no er på plass, gjenstår det enno mykje forsking og utvikling før vi har ein ferdig industri. Både i yngel- og matfiskproduksjon er det mange uløyste problem, og eit avlsprogram er under planlegging for å avle fram ein fisk som trivs og veks betre i oppdrett. Det største hinderet for vidare utvikling er at Noreg ikkje har eit system som tek ansvaret for denne typen næringsutvikling der ein må løyse  grunnleggjande problem i rett rekkjefylje og til rett tid. I dag er forskarane avhengig av støtte frå forskingsrådet eller andre eksterne kjelder. Satsinga blir derfor fort spreidd og lite målretta. På denne måten tar det lang tid å skaffe det vitskaplege grunnlaget oppdrettarane treng for at dei trygt skal kunne satse pengar i ei lønsam kveitenæring. Oppdrettarane må derfor drive med mykje prøving og feiling. For mange blir dette dyr lærdom. Oppdrett av kveite er likevel ei næring som er kommen for å bli, og oppdrettskveite er eit fantastisk produkt verda vil ha. Vi på Havbrukstasjonen i Austevoll er no klare til å gje oss i kast med å finne dei siste løyndomane.

14.11.03

Artikkelen har vore trykt i lokalavisa Marsteinen i samband med 25 års-jubileet ved Havforskningsinstituttet Austevoll havbruksstasjon.