Hopp til hovedteksten

Laks og gener

Det er mye støy rundt oppdrettslaks og rømminger med den fare den representerer for Villaksen. Av flere av disse truslene er jeg spesielt interessert i genforurensning av villaksgener om/når de rømte oppdretterne kommer i elva. Forstår det er et politisk vedtatt mål at dette ikke skal skje. Jeg får ikke tak i hva konkret som er det negative med dette? Oppdretterne representerer ikke mer en 10 generasjoner med utvikling siden de startet på 70-tallet.

Ser en på det biologiske er det vel enkelte positive faktorer å spore som økt disposisjon for vekst og kanskje ulike former for økt resistens mot sykdommer, og kanskje også lakselus? Uansett er det vel også slik at naturen selv vil kjapt selektere ut eventuelle uønskete egenskaper om disse skulle bli overført til villaksen?

Svar: Dette er eit tilbakevendande spørsmål. Gjennom dei siste 20 åra med utviklinga av stadig meir nøyaktige molekylargenetisk verktøy for å kartleggja genetisk variasjon, ikkje berre hos fisk, men hos alle organismar frå mikroorganismar til menneske, har ein også fått verifisert ein del av dei gamle oppfatningane. Mellom anna har ein langt tilbake i tid hatt ei oppfatting av at laksebestandar er ulike. No veit vi at den atlantiske laksen på vest og austsida av Atlanterhavet er så ulike at dei nærmar seg artsnivå, og difor ofte blir referert som underartar. Vi veit også at det er regionale skilnadar, der til dømes laks frå nord-russland og nord-Noreg grupperer seg saman, men skiljer seg frå laks lengre sør på Norskekysten. Østersjølaksen er ei anna undergruppe. Også mellom vassdrag finn vi signifikante og stabile genetiske skilnadar. Utan laksen si sterke evne til å vandra tilbake til heimeelva si for å gyta, og ei avgrensa utveksling av individ og genmateriale mellom populasjonar, ville ikkje dette vore muleg.

Så har fleire internasjonale studiar vist at avkommet til oppdrettslaksen har redusert overleving i naturen. Det skulle vi venta sidan oppdrettslaksen er selektert for å passa i eit oppdrettsmiljø, som er svært ulikt det miljøet villaksen skal overleva i. På trass av dette, og på grunn av raskare vekst og truleg større aggresjon, er det vist at avkom av oppdrettslaks kan fortrengja vill parr frå elvehabitata. Det er også vist i minst eitt internasjonalt arbeid at avkom av oppdrettslaks i langt lågare grad enn villaks overlever i sjøfasen og kjem tilbake for å gyta. Det er i så fall bra for villaksen, bortsett frå at i dei vassdraga der ein andel av fiskeungane er avkom av oppdrettsforeldre, vil då delar av elva sin produksjonskapasitet gå med til å produsera oppdrettslaks,  medan produksjonen av vill laks blir tilsvarande redusert. 

Det er ei vanleg oppfatting at naturen ordnar opp, men så enkelt er det faktisk ikkje. Det som er bra med dette resonnementet, er at mange har fått med seg at naturen utviklar seg blant anna gjennom naturleg utval, slik Charles Darwin viste. Det ein ikkje har fått med seg er at migrasjon er ei anna viktig evolusjonskraft.  Det betyr i praksis at det er grenser for kva det naturlege utvalet kan rydda opp i, og når migrasjonen mellom populasjonar blir for stor, greier ikkje naturen å rydda opp. Det er dette som er situasjonen når det gjeld rømt oppdrettslaks. Tidleg på 1990 talet, før vi hadde fått det DNA verktøyet vi no har, postulerte norske populasjonsgenetikarar at med vedvarande rømming, ville dei ville laksebestandane blir meir og meir like og dei ville bli meir like oppdrettslaks, dvs genetisk diversitet hos villaksen ville gå tapt. Også dette er i ettertid verifisert gjennom store populasjonsgenetiske undersøkingar der ein har analysert tusenvis av gamle lakseskjell frå mange laksebestandar og samanlikna desse med bestandane etter innkryssing av rømt laks.

Kva eigenskapar som er best til ei kvar tid for villaksen i dei ulike vassdraga og regionane, veit vi svært lite om. Det blir difor altfor enkelt å stola på  at dei to tre tilfeldig nemnde eigenskapane, som kan vera nyttig i oppdrett, også  vil vera bra for villaksen. All teoretisk og empirisk kunnskap viser det motsette!

Forskar Øystein Skaala
 

Fakta om atlantisk laks

Latinsk navn: Salmo salar
Andre norske navn: Parr, smolt, tert
Familie: Salmonidae
Maks størrelse: Opptil 150 cm og 40 kg (hanner)
Levetid: 2-8 år
Leveområde: Utbredt i elver på begge sider av Atlanterhavet, fra Spania til Nordvest-Russland, og fra Maine i USA til Nord-Canada, og i Østersjøen. I den marine fasen av livssyklusen er laksen utbredt over store deler av Det nordlige atlanterhav
Hovedgyteområde: Elver
Gytetidspunkt: Oktober-januar
Føde: Som ungfisk i ferskvann; for en stor del insekter. I havet; plankton og fiskeyngel, og etter hvert som den vokser ulike pelagiske fisk som sild og lysprikkfisk
Predatorer: Fugl (f.eks fiskeender), rovfisk som sei, lyr og torsk. Sjøpattedyr i enkelte områder
Særtrekk: Laksen er en anadrom fisk, dvs. den blir født og vokser opp i ferskvann i ett til fem år før den smoltifiserer og vandrer ut i havet. Der blir den i ett til fire år før den returnerer til elven den ble født i for å gyte

Atlantisk laks