Hopp til hovedteksten

Spørsmål om ørret

1) Når det saltes så mye på hovedveiene og noe av dette saltet havner i de små bekkene langs veien, vil dette gi konsekvenser for ørret/sjøørretegg? Eller er det så lite at dette ikke vil gi noe følger for fisken?

2) Har lest litt om sjøørreten i bøker og kom over noe gøy. Stemmer det at sjøørret er egentlig en vanlig ørret? Bare at den svømmer ut i sjøen og smoltifiserer seg og blir til sjøørret?

3) Forskjellen på sjøørretsmolt og laksesmolt -  er det slik at ørreten har mange prikker på undersiden av midtlinjen og laksen ikke har eller er det noe forkjell der som smolt?

4) Vet dere om noen tips til å få opp sjøørret bestanden i bekkene? Eventuelt noen gode linker som det går an og lese seg til, eventuelt legge ut gytegrus og andre diverse ting som gjør at bestanden vil bli bedre?

Svar:

1. Kraftig salting kan nok virka negativt  inn på miljøet til auren og andre vasslevande skapningar, kanskje mest der det er lite nedbør, og minst der store nedbørsmengder vaskar saltet ut av bekkane. Det har også vist seg at salt som kjem inn med nedbør frå havet kan skifta ut ionar i jordmonnet rundt vassdrag og bidra til forsuring av vassdraga ved at Na+ ionane i saltet sparkar ut H+ ionane i jordsmonnet, slik at desse havnar i vassdaga som syre. Forskarane på NIVA kan mykje om dette.

2. Sjøaure og ”vanleg aure” er same art. Auren er ein interessant fisk som finn på mykje rart og stadig overraskar forskarane. Variasjonen i levemåten til auren varierer veldig mykje, og auren tilpassar seg mange ulike miljø, nokre vandrar mellom ferskvatn og sjø (sjøaure) medan andre lever heile livet i ferskvatn, i elver, bekkar og innsjøar. Nokre aurar har veldig særmerka og artige fargeteikningar, som den finprikka auren i nokre innsjøar på Hardangervidda, og den marmorerte auren i Byglandsfjorden.Variasjonen i fargar og livshistorie er så stor at i gamle dagar trudde ein auren var mange forskjellige arter. Nye genetiske studiar har vist at det er same art, på forskarspråk heiter den Salmo trutta.

3. Det er vanleg at auresmolten har meir prikkar enn laksesmolten. Laksesmolten blir ofte litt blankare enn auresmolten, og auresmolt kan også ha litt igjen av raude prikkar for eksempel på fettfinnen.

4. Det vil variera frå lokalitet til lokalitet, og kjem an på kva faktorar som eventuelt reduserer produksjonen av aure. Mange stader er det vandringssperrer i vassdraga, andre stader kan det vera utslepp av giftstoff eller husdyrgjødsel. På Vestlandet er lakselus ein viktig faktor som reduserer bestandane av sjøaure. Uni-Miljø og Rådgivende biologer i Bergen har rapportar om dette.

Forskar Øystein Skaala