Hopp til hovedteksten

Kan fisken snakke?

Kan fisken snakke?

Mange fiskeartar, som dei fleste torskefisk, har evna til å ”snakke”. Lydane dei lagar blir produsert ved at den gassfylte symjeblæra setjast i vibrasjonar av spesielle ”trommemusklar” som er festa til blæra. Lydane blir laga under ulike typar åtferd, til dømes under kampen om føde og territorium, og er svært viktig under pardanning og gyting. Storleiken på trommemusklane varierer frå art til art og gjennom året. Storleiken er ein indikasjon på kor aktivt fisken nyttar seg av lyd. Hos mange artar har hannane større trommemusklar enn hoene, og dei er gjerne større under gytesesongen enn i resten av året. Fiskens språk er bygd opp på ein heilt annan måte enn det menneskelege språket. Vanlegvis består lydane av korte pulsar som gjentakast i ulikt tal og med varierande hyppigheit. For det menneskelege øyret høyrest lydane ut som klikking, banking, grynting eller knurring.