Fisken sin alder
Ute i naturen har dyra mykje lettare for å finne mat om sommaren enn om vinteren. Det gjeld også fiskane i nordlege farvatn, spesielt dei pelagiske bestandane som sild, lodde og makrell. Dette sesongmessige fødeinntaket gjennom året gjenspeglar seg i sonedanningar i ryggvirvlar, øyresteinar, skjel og tenner hos fisken. Dette brukar vi til å aldersbestemme fisken, av praktiske grunnar er det skjel og otolittar som blir mest brukte.
Ser vi på eit skjel i mikroskop eller binokular, ser vi at det består av lyse og mørke soner. Dei breie, lyse sonene representerer veksten om sommaren (vekstsone), og dei smale, mørke sonene er frå vinteren med liten vekst. Ved å telje talet på mørke soner (årringar), kan vi finne ut kor mange vintrar fisken har levd, og dermed kor gamal den er.
