Hopp til hovedteksten
Lodde
Utskriftsvennlig versjon

Lodde ved Island/Grønland/Jan Mayen

For sesongen 2017/2018 er ICES-rådet ein startkvote på 0 tonn. Denne startkvoten vil bli revidert ut frå toktinformasjon om gytebestanden som kjem fram i løpet av hausten 2017, og endeleg kvote blir sett basert på toktinformasjon vinteren 2018.

Hausten 2016 blei talet på umoden lodde (1 og 2-åringar) estimert til 9,4 milliardar individ. Dette er langt under eit terskelnivå på 50 milliardar individ som er grensa for å opna opp for ein startkvote.

Forvaltingsråd

Ein ny metode for bestandsframskriving og rådgjeving for lodde ved Island/Grønland/Jan Mayen blei evaluert og godkjent av ICES i 2015. Den nye metoden liknar den som blir brukt for barentshavslodde, og tar utgangspunkt i at det skal vera minst 95 % sannsyn for at gytebestanden ligg over Blim. Framskrivinga av bestanden inkluderer mellom anna uvissa i toktet og ein dødsrate for lodda som er avhengig av bestandsstorleiken og konsumet hos torskefisk som beitar på lodda. Den nye forvaltningsmodellen gjev også ein meir konservativ startkvote enn tidlegare ut frå eit føre-var-perspektiv.

Havforskingsinstituttet sin kommentar

Havforskingsinstituttet støttar rådet fra ICES.

Viktige tal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 150 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): ikkje relevant