Hopp til hovedteksten
Lodde_vintertoktet_nett.jpg
Lodde.
Foto: Harald Gjøsæter
Utskriftsvennlig versjon

Lodde i Barentshavet

Tilrådd kvote 2017: 0 tonn
Tilrådd kvote 2016: 0 tonn
Avtalt kvote 2016: 0 tonn

ICES tilrår at når forvaltingsplanen til den norsk-russiske fiskerikommisjonen vert nytta, bør det ikkje fiskast lodde i Barentshavet i 2017.

Historisk bestandsutvikling

Den modnande komponenten av bestanden vart i den akustiske dekninga under økosystemtoktet hausten 2016 estimert til 181 000 tonn, medan totalbestanden vart estimert til 328 000 tonn. Estimatet av 2015-årsklassen målt som eittåringar var langt under langtidsmiddelet. Gytebestanden er rekna til å verta om lag 37 000 tonn ved gytetidspunktet våren 2017, sjølv utan eit fiske. Nullgruppeundersøkingane hausten 2016 viser at 2016-årsklassen på yngelstadiet er godt over langtidsmiddelet. 

Bestandens tilstand

Gytebestanden i 2017 er venta å vera under det nivået der ein kan tilrå fiske i følgje forvaltingsplanen, og er karakterisert til å ha redusert reproduktiv kapasitet.

Venta bestandsutvikling

Bestandsutvikling.jpg

* Den norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok under sin 31. sesjon hausten 2002 at fisket skal regulerast slik at mengda av gytande lodde skal vere over ei nedre grense (Blim) med 95 % sannsyn. Denne grenseverdien er sett til 200 000 tonn, som er noko meir enn den lågaste gytebestanden (1989) som har produsert ein svært god årsklasse.

 

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestandsvurderinga er basert på eit akustisk  tokt. Dekninga i 2016 var god, og er vurdert til å inkludere heile den geografiske utbreiinga av bestanden.

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 200 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): ikkje bestemt
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSYBtrigger): Ikkje bestemt
Kritisk fiskedødsrate (Flim): Ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): Ikkje relevant
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): Ikkje relevant
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): Ikkje relevant
Venta fiskedødsrate i 2016: Ikkje relevant
Venta gytebestand i 2017 ved 0 fangst våren 2017: 36 000 tonn

Standardplott

Standardplott_lodde_2016.png

Havforskingsinstituttets kommentarar

Havforskingsinstituttet stør rådgjevinga frå ICES. Kvoten for 2017 vert avtalt under den norsk-russiske fiskerikommisjonens møte 17. – 20. oktober. For 2016 følgde fiskerikommisjonen rådet frå ICES om null fiske.

Den låge loddebestanden som vart registrert hausten 2016 tilseier at det heller ikkje i 2018 vert loddefiske i tråd med forvaltingsplanen.