Hopp til hovedteksten
Lodde
Lodde I Barentshavet
Utskriftsvennlig versjon

Lodde i Barentshavet

Tilrådd kvote 2016: 0
Tilrådd kvote 2015: 6 000 tonn
Tilrådd kvote 2014: 65 000 tonn
Tilrådd kvote 2013: 200 000 tonn
Tilrådd kvote 2012: 320 000 tonn

Forvaltingsråd

ICES tilrår at når forvaltingsplanen til den Norsk-Russiske Fiskerikommisjonen vert nytta, bør det ikkje fiskast lodde i Barentshavet i 2016.

 Status og utvikling i bestanden

Den modnande komponenten av bestanden vart i den akustiske dekninga under økosystemtoktet hausten 2015 estimert til 446 000 tonn, medan totalbestanden vart estimert til om lag 840 000 tonn. Estimatet av 2014-årsklassen målt som 1-åringar var langt under langtidsmiddelet. Gytebestanden er rekna til å verta om lag 82 000 tonn ved gytetidspunktet våren 2016, sjølv utan eit fiske. Nullgruppeundersøkingane hausten 2015 viser at 2015-årsklassen på yngelstadiet er over langtidsmiddelet.

Kvotefastsetjing

Avtalt kvote for 2016 vert fastsett under den Norsk-Russiske Fiskerikommisjonens møte 5. til 8. oktober. Den avtalte kvoten var i åra 2011–2014 den same som den tilrådde kvoten, medan avtalt kvote for 2015 var på 120 000 tonn, 114 000 tonn over tilrådd kvote.

Havforskingsinstituttets kommentar

Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå ICES.

Haustingsregel

Den norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok under sin 31. sesjon hausten 2002 at fisket skal regulerast slik at mengda av gytande lodde skal vere over ei nedre grense (Blim) med 95 % sannsyn. Denne grenseverdien er sett til 200 000 tonn, som er noko meir enn den lågaste gytebestanden (1989) som har produsert ein svært god årsklasse.
I perioden 1984–2013 har  torsken sitt årlege konsum av lodde variert mellom 0,2 og 4,3 millionar tonn. Ungsild et loddelarver, og ein meiner at den relativt store ungsildbestanden i Barentshavet i periodane 1984–1986, 1992–1994, og frå 2000 var viktigaste årsaka til dei dårlege loddeårsklassene i dei same periodane. I 2016 er det venta at mengda ungsild i Barentshavet vil vera middels høg.

Viktige tal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 200 000 tonn
Mål for gytebestandsnivå (Btarget): ikkje bestemt
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa):  ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): ikkje relevant
Venta gytebestand 2016 ved null fangst våren 2016: ca. 82 000 tonn

Lodde i Barentshavet