Hopp til hovedteksten
Lodde
Utskriftsvennlig versjon

Kvoteråd for lodde ved Island/Jan Mayen

For sesongen 2014/2015 var ICES-rådet ein startkvote på 225 000 tonn som utgjer 50 % av predikert totalkvote på 450 000 tonn. Den endelege kvoten vil bli revidert ut frå toktinformasjon om gytebestanden som kjem fram i løpet av vinteren 2015.
 

Hausten 2013 blei antall 1-åringar estimert til 60 milliarder individ, som er lågt samanlikna med åra 1991–2001, men det nest høgaste som er observert sidan 2002. Det predikerte fisket er berekna å gje ein gytebestand  våren 2015 som ikkje ligg under 400 000 tonn, som er forvaltingsmålet.

Forvaltingsråd

Den islandske bestandsestimeringsmetoden er ikkje godkjent av ICES. Det skuldast at dødsraten som er brukt (basert på tokt) ikkje samsvarar med dødsraten frå torskens konsum av lodde (basert på mageprøvar av torsk). Bestandsestimering av lodde ved Island og Jan Mayen blir revurdert i ein ICES-benchmark våren 2015.

Havforskingsinstituttets kommentar

Havforskingsinstituttet støttar rådet fra ICES.

Viktige tal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): ikkje bestemt
Mål for gytebestandsnivå (Btarget): 400 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): ikkje relevant