Hopp til hovedteksten
Lodde
Lodde I Barentshavet
Utskriftsvennlig versjon

Lodde i Barentshavet

Samandrag av ICES-tilrådingar (oktober 2012)

Tilrådd kvote 2013: 200 000 tonn
Tilrådd kvote 2012: 320 000 tonn
Tilrådd kvote 2011: 380 000 tonn
Tilrådd kvote 2010: 360 000 tonn

Den avtalte kvoten var i alle desse åra den same som den tilrådde kvoten. Fangsten har vore noko lågare enn kvoten i alle åra, fordi Russland ikkje har fiska heile kvoten sin.

 

Status

Den modnande delen av loddebestanden i Barentshavet vart mengdemålt i september 2012 til å vere 2,0 millionar tonn, og bestanden er vurdert til å ha full reproduksjonsevne. Det har vore ein svak nedgang i bestanden sidan hausten 2011.

Den modnande bestanden i 2013 vil i hovudsak bestå av 2009-årsklassen, med tilskot frå 2010-årsklassen. Resultata frå 0-gruppeundersøkingane i 2012 viser at 2012-årsklassen på yngelstadiet er rekordsterk.
Bestanden har vore nokolunde stabil sidan 2008, og har tolt trykket frå veksande torske- og hysebestandar. Den tilrådde kvoten for 2013 er noko lågare enn den tilrådde kvoten for 2012. Det heng saman med at torskebestanden er oppjustert sidan i fjor, noko som gir eit auka beitepress frå torsk i perioden frå toktmåling til gyting.

Forvaltingsråd

Den vedtekne haustingsregelen inneber ein fangst på 200 000 tonn våren 2013.
Gytebestanden for 2012 er rekna å verta om lag 479 000 tonn. Grunnen til nedgangen frå 2,0 millionar tonn til venta gytebestand, er venta beiting av ein stor torskebestand og fisket.

Havforskingsinstituttets kommentar

Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå ICES.

Haustingsregel

Den norsk-russiske fiskeikommisjonen vedtok under sin 31. sesjon hausten 2002 ein haustingsregel som medfører at fisket skal regulerast slik at biomassen som får lov til å gyte, skal ha 95 % sjanse for å vere over ei nedre grense (Blim). Denne grenseverdien er sett til 200 000 tonn, som er noko meir enn den lågaste gytebestanden (1989) som har produsert ein svært god årsklasse.

I perioden 1984–2011 har  torskens årlege konsum av lodde variert mellom 0,2 og 4,4 mill tonn. Ungsild et loddelarver, og ein meiner at den relativt store ungsildbestanden i Barentshavet i periodane 1984–1986, 1992–1994, og frå 2000 var viktigaste årsaka til dei dårlege loddeårsklassene i dei same periodane. I 2013 er det venta lite ungsild i Barentshavet, så på kort sikt ventar vi at rekrutteringsforholda for lodda skal vere gode.

Viktige tal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 200 000 tonn
Mål for gytebestandsnivå (Btarget): ikkje bestemt
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa):  ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): ikkje relevant
Venta gytebestand 2013 ved ein fangst på 200 000 tonn våren 2013: ca. 479 000 tonn