Hopp til hovedteksten
Torsk
Foto: Anette Karlsen
Utskriftsvennlig versjon

Torsk i Nordsjøen

Tilrådd  kvote 2013: 25 441 tonn landingar
Tilrådd  kvote 2012: 31 800 tonn landingar
Avtalt kvote 2012: 31 558 tonn totalfangst

Samandrag av rådgjevinga frå  ICES i juni 2012 for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanal:

Status

Det har vore ein gradvis forbetring av bestanden dei siste åra. Gytebiomassen har auka frå det historisk låge nivået i 2006, men er stadig lågare enn kritisk nivå. Fiskedøyinga har gått ned sidan 2000 og er no under føre var nivået, og rekrutteringa sidan 2000 har vore låg. Mengda av utkast er stadig stor sett i høve til den historiske perioden.

Haustingsregel

Ein omforeina haustingsregel vart vedteken av EU og Noreg hausten 2008. Denne vert vurdert av ICES til å oppfylle føre-var-kriteria. Planen vil bli vurdert på nytt i løpet av 2012.

Forvaltingsråd

Ei omlegging mot maksimering av langtidsutbytte vil gje ein fangst på 28 000 tonn i 2013. I tråd med forvaltningsplanen er estimerte landingar i 2013 på 25 441 tonn og utkast på om lag 6 600 tonn. I tillegg er det venta at effekten av den ikkje bestemte dødsraten vil vere 8 600 tonn. Resultatet av ein rein føre-var-forvalting er null fangst.
Torsk blir teken som bifangst i mange fiskeri i Nordsjøen, og einbestandsforvalting er ein grunn til mykje av utkastet. Effekten av blandingsfiskeri er berekna med omsyn på forvaltninga av nordsjøartane inkludert torsk, og sidan torsk er den avgrensande bestanden i modellen for 2013 vil senarioa for både ”torsk” og ”minimum” vere samanfallande med enkeltbestandsrådet for torsk.
Estimert utkast av 2 år gammal fisk viser no  ein oppgang, og  utkast er stadig ein stor del av den uspesifiserte dødsraten.

Havforskingsinstituttets kommentar

Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå  ICES.

Nøkkeltall

Kritisk gytebestandsnivå (Blim) = 70 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa) = 150 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim) = 0,86
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa) = 0,65
Mål for fiskedødsrate i haustingsregelen: F = 0,4
Venta fiskedødsrate i 2012: F = 0,47
Venta gytebestand i 2013: 78 300 tonn

Rekruttering og gytebiomasse

Utviklingen av totale fangster, fiskedødelighet, rekruttering og gytebiomasse for torsk i Nordsjøen.  

Totale landinger og fiskedødelighet