Hopp til hovedteksten
Hvitting
Utskriftsvennlig versjon

Kviting i Nordsjøen

Tilrådd kvote 2013: 26 000 tonn konsumlandingar
Tilrådd kvote 2012: 24 300 tonn landingar
Avtalt kvote 2012: 18 106 tonn landingar (gjeld Nordsjøen og Skagerrak)
 

Samandrag av tilrådinga frå  ICES i juni 2012 for kviting  i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanal:
 

Status

Nivået på totalbestanden har blitt endra oppover på grunn av endringer i predasjonsestimatet.  Hovudtrekka i bestandsdynamikken er likevel som tidligere, med ein uendra gytebiomasse rundt middelverdien av tidsserien.  Fiskedødsraten har vore om lag uendra sidan 2003, og det har vore låg rekruttering mellom 2003 og 2007. Rekrutteringa auka litt etter 2007, men har etter 2008 vore under middels.

Forvaltingsråd

ICES anbefaler at bestanden i den austlege engelske kanal vert forvalta separat. Ein enkel forvaltingsplan mellom Noreg og EU inneheld ei målsetjing til fiskedødsrate på 0.3. Denne planen vil gje samla landingar på 34 000 tonn og utkast på 15 000 tonn og eit bifangst  i industritrålfisket på 1 000 tonn.
Berekningar gjort på bakgrunn av blandingsfiskeria i Nordsjøen viser ei rekke tenkte effektar av forvaltinga av torsk (som avgrensande art) og viser mellom anna at ei full implementering av forvaltningsplanen for torsk medfører landingar av kviting i 2013 på 10 000 t.

Havforskingsinstituttets kommentar

Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå  ICES.

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim) = ikkje definert
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa) = ikkje definert
Kritisk fiskedødsdate (Flim) = ikkje definert
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa) = ikkje definert
Venta fiskedødsrate i 2012: F = 0,174
Ventet gytebestand i 2013: 313 000 tonn

Fangst og fiskedødelighet

Rekruttering og gytebiomasse

Figurane viser uvikling i fangstar, fiskedødelighet, rekruttering og gytebiomasse for kvitting i Nordsjøen.