Hopp til hovedteksten
Hyse
Utskriftsvennlig versjon

Hyse i Nordsjøen

Tilrådd kvote 2013: 47 811 tonn landinger
Tilrådd kvote 2012: 41 575 tonn landinger
Avtalt kvote 2012: 41 575 tonn landinger

 

Samandrag av tilrådingane frå ICES juni 2012 for hyse i Nordsjøen og Skagerrak:

Status

Bestanden har full reproduksjonsevne og vert hausta berekraftig. Fiskedødsraten har vore under føre-var nivået og om lag på nivå for maksimalt langtidsutbytte.  Gytebestanden er over nivået for maksimalt langtidsutbytte. Rekrutteringa er prega av tidvis sterke årsklasser, den siste var i 1999.  Bortsett frå 2005 og 2009 årsklassen som var om lag gjennomsnittleg, har rekrutteringa dei siste åra vore låg.

Haustingsregel

Ein omforeina haustingsregel (Noreg/EU) vart  revidert og teken i bruk i 2009. ICES vurderer den inntil vidare til å oppfylle føre-var-kriteria.

Forvaltingsråd

Kvotetilrådinga er i samsvar med forvaltingsplanen. Konsumlandingar på 47 811 tonn er berekna å medføre eit utkast på 6 000 tonn. Eit uttak som gjev maksimalt langvarig utbytte er estimert til 49 000 tonn. Dersom ein legg til grunn at hyse er fiska i eit blandingsfiskeri vil berekningane for å oppnå målsetningane i forvaltingsplanen for torsk medføre at ein berre kan fiske 26 000 tonn hyse.

Kommentar frå avforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå  ICES.
Nøkkeltal
Kritisk gytebestandsnivå (Blim) = 100 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa) = 140 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim) = 1,0
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa) = 0,7
Mål for fiskedødsratet i haustningsregelen: F = 0,3
Venta fiskedødsrate i 2012: F = 0.196
Venta gytebestand i 2013: 255 000 tonn

Fangst og fiskedødelighet

Rekruttering og gytebiomasse