Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Lodde i Barentshavet

Samandrag av ICES-tilrådingar (oktober 2010)

Tilrådd kvote 2011: 380 000 tonn
Tilrådd kvote 2010: 360 000 tonn
Tilrådd kvote 2009: 390 000 tonn
Den avtalte kvoten var i 2010 og 2009 den same som den tilrådde kvoten.

Status

Den modnande delen av loddebestanden i Barentshavet vart mengdemålt i september 2010 til å vere ca 2 millionar tonn, og bestanden er vurdert til å ha full reproduksjonsevne.

Den modnande bestanden i 2010 vil i hovudsak bestå av 2007-årsklassen, med noko tilskot frå 2008-årsklassen. Resultata frå 0-gruppeundersøkingane i 2010 viser at 2010-årsklassen på yngelstadiet er middels god.

Sjølv om det har vore ein liten nedgang i loddebestanden er ikkje den tilrådde kvoten gått ned. Det kjem av at torskebestanden også har hatt ein liten nedgang, og at beitepresset på lodda før gyting derfor har minka.

Forvaltingsråd

Den vedtekne haustingsregelen inneber ein fangst på 380 000 tonn våren 2011.

Gytebestanden for 2011 er rekna å verta om lag 500.000 tonn. Årsaka til nedgangen frå 2 millionar tonn til venta gytebestand, er venta beiting av ein stor torskebestand og fisket.

Havforskingsinstituttets kommentar

Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå ICES.

 Haustingsregel

Den norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok under sin 31. sesjon hausten 2002 ein haustingsregel som medfører at fisket skal regulerast slik at biomassen som får lov til å gyte, skal ha 95 % sjanse for å vere over ei nedre grense (Blim). Denne grenseverdien er sett til 200 000 tonn, som er noko meir enn den lågaste gytebestanden (1989) som har produsert ein svært god årsklasse.

I perioden 1984-2009 har torskens årlege konsum av lodde variert mellom 0,2 og 3,0 mill tonn. Ungsild et loddelarver, og ein meiner at den relativt store ungsildbestanden i Barentshavet i periodane 1984-1986, 1992-1994, og frå 2000 var viktigaste årsaka til dei dårlege loddeårsklassene i dei same periodane. I 2011 er det venta lite ungsild i Barentshavet, så på kort sikt ventar vi at rekrutteringsforholda for lodda skal vere gode.

Viktige tal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim):  200 000 tonn
Mål for gytebestandsnivå (Btarget): ikkje bestemt
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa):   ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim):   ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa):   ikkje relevant
Venta gytebestand 2011 ved ein fangst på 380 000 tonn våren 2011:  ca. 500 000 tonn