Hopp til hovedteksten
lodde_stor.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Lodde i Barentshavet

Samandrag av ICES-tilrådingar oktober 2009

Anbefalt kvote 2010: 360 000 tonn
Anbefalt kvote 2009: 390 000 tonn
Avtalt kvote 2009: 390 000 tonn

Status

Den modnande delen av loddebestanden i Barentshavet vart mengdemålt i september 2009 til å vere ca 2,3 millionar tonn, og bestanden er vurdert til å ha full reproduksjonsevne.
Den modnande bestanden i 2009 vil i hovudsak bestå av 2006-årsklassen, med noko tilskot frå 2007-årsklassen. 2006-årsklassen er den første talrike årsklassen på 6 år. Dei to neste årsklassane er også gode. Resultata frå 0-gruppeundersøkingane i 2009 viser at 2009-årsklassen på yngelstadiet er god, men svakare enn 2008-årsklassen var på yngelstadiet.
Bestandsmålet 2009 er lågare enn ein skulle vente med normal dødelegheit, og ein del av den målte nedgangen skuldast truleg auka beiting frå veksande botnfiskbestandar.

Forvaltingsråd

Den vedtekne haustingsregelen inneber ein fangst på 360 000 tonn våren 2010.
Gytebestanden for 2010 er rekna å verta om lag 500.000 tonn. Årsaka til nedgangen frå 2,3 millionar tonn til venta gytebestand, er venta beiting av ein stor torskebestand og fisket.

Haustingsregel

Den norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok under sin 31. sesjon hausten 2002 ein haustingsregel som medfører at fisket skal regulerast slik at biomassen som får lov til å gyte, skal ha 95 % sjanse for å vere over ei nedre grense (Blim). Denne grenseverdien er sett til 200 000 tonn, som er noko meir enn den lågaste gytebestanden (1989) som har produsert ein svært god årsklasse.
I perioden 1984-2008 har torskens årlege konsum av lodde variert mellom 0,2 og 3,0 mill tonn. Ungsild et loddelarver, og ein meiner at den relativt store ungsildbestanden i Barentshavet i periodane 1984-1986, 1992-1994, og frå 2000 var viktigaste årsaka til dei dårlege loddeårsklassene i dei same periodane. I 2010 er det venta lite ungsild i Barentshavet, så på kort sikt ventar vi at rekrutteringsforholda for lodda skal vere gode. 

Viktige tal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim):  200 000 tonn
Mål for gytebestandsnivå (Btarget): ikkje bestemt
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa):   ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim):   ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa):   ikkje relevant
Venta gytebestand 2010 ved ein fangst på 360 000 tonn våren 2010:  ca. 500 000 tonn
Havforskingsinstituttets kommentar
Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå ICES.