Hopp til hovedteksten
Lodde
Lodde I Barentshavet
Utskriftsvennlig versjon

Lodde i Barentshavet

Samandrag av ICES-tilrådingar (oktober 2011)

Tilrådd kvote 2012: 320 000 tonn
Tilrådd kvote 2011: 380 000 tonn
Tilrådd kvote 2010: 360 000 tonn
Den avtalte kvoten var i 2009 og 2010 den same som den tilrådde kvoten.
 

Status

Den modnande delen av loddebestanden i Barentshavet vart mengdemålt i september 2011 til å vere 2,1 millionar tonn, og bestanden er vurdert til å ha full reproduksjonsevne. Det har vore ein svak oppgang i bestanden sidan hausten 2010.

Den modnande bestanden i 2010 vil i hovudsak bestå av 2008-årsklassen, med tilskot frå 2009-årsklassen og noko tilskot frå 2007-årsklassen. Resultata frå 0-gruppeundersøkingane i 2011 viser at 2011-årsklassen på yngelstadiet er noko over middels god.

Bestanden har vore nokolunde stabil sidan 2008, og har tolt trykket frå veksande torske- og hysebestandar. Den tilrådde kvoten for 2012 er noko lågare enn den tilrådde kvoten for 2011. Det heng saman med eit auka beitepress frå torsk i perioden frå toktmåling til gyting.

Forvaltingsråd

Den vedtekne haustingsregelen inneber ein fangst på 320 000 tonn våren 2012.
Gytebestanden for 2012 er rekna å verta om lag 504 000 tonn. Grunnen til nedgangen frå 2,1 millionar tonn til venta gytebestand, er venta beiting av ein stor torskebestand og fisket.

Havforskingsinstituttets kommentar

Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå ICES.

Haustingsregel

Den norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok under sin 31. sesjon hausten 2002 ein haustingsregel som medfører at fisket skal regulerast slik at biomassen som får lov til å gyte, skal ha 95 % sjanse for å vere over ei nedre grense (Blim). Denne grenseverdien er sett til 200 000 tonn, som er noko meir enn den lågaste gytebestanden (1989) som har produsert ein svært god årsklasse.
I perioden 1984–2009 har  torskens årlege konsum av lodde variert mellom 0,2 og 3,0 mill tonn. Ungsild et loddelarver, og ein meiner at den relativt store ungsildbestanden i Barentshavet i periodane 1984–1986, 1992–1994, og frå 2000 var viktigaste årsaka til dei dårlege loddeårsklassene i dei same periodane. I 2012 er det venta lite ungsild i Barentshavet, så på kort sikt ventar vi at rekrutteringsforholda for lodda skal vere gode.

Viktige tal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 200 000 tonn
Mål for gytebestandsnivå (Btarget): ikkje bestemt
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa):  ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): ikkje relevant
Venta gytebestand 2012 ved ein fangst på 320 000 tonn våren 2012: ca. 504 000 tonn