Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Lodde i Barentshavet

Samandrag av ICES-tilrådingar oktober 2008.

Status

Den modnande delen av loddebestanden i Barentshavet vart mengdemålt i september 2008 til å vere ca. 2,5 millionar tonn, og bestanden er vurdert til å ha full reproduksjonsevne.
Den modnande bestanden i 2009 vil i hovudsak bestå av 2006-årsklassen, med noko tilskot frå 2005-årsklassen. 2006-årsklassen er den første talrike årsklassen på 6 år, og 2007-årsklassen er endå sterkare. Resultata frå 0-gruppeundersøkingane i 2008 viser at 2008-årsklassen på yngelstadiet er den mest talrike i perioden 1980-2008.

Forvaltingsråd

Den vedtekne haustingsregelen inneber ein fangst på 390 000 tonn våren 2009.
Gytebestanden for 2009 er rekna å verta om lag 500 000 tonn. Årsaka til nedgangen frå 2,5 millionar tonn til venta gytebestand, er venta beiting av ein stor torskebestand og fisket.
Den norsk-russiske fiskerikommisjon vedtok under sin 31. sesjon hausten 2002 ein haustingsregel som medfører at fisket skal regulerast slik at biomassen som får lov til å gyte, skal ha 95 % sjanse for å vere over ei nedre grense (Blim). Denne grenseverdien er sett til 200 000 tonn, som er noko meir enn den lågaste gytebestanden (1989) som har produsert ein svært god årsklasse.
Det er rekna ut at i perioden frå 1984 til 2007 har torskens årlege konsum av lodde variert mellom 0,2 og 3,0 mill. tonn. Ungsild et loddelarver, og ein meiner at den relativt store ungsildbestanden i Barentshavet i periodane 1984-1986, 1992-1994, og frå 2000 var viktigaste årsaka til dei dårlege loddeårsklassene i dei same periodane. I 2009 er det venta lite ungsild i Barentshavet, så på kort sikt ventar vi at rekrutteringsforholda for lodda skal vere gode.

Viktige tal:

Kritisk gytebestandsnivå (Blim):  200 000 tonn
Mål for gytebestandsnivå (Btarget): ikkje bestemt
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa):   ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim):   ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa):   ikkje relevant
Venta gytebestand 2009 ved ein fangst på 390 000 tonn våren 2009:  ca. 500 000 tonn

Havforskingsinstituttet sin kommentar

Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå ICES.

 

Lodde1a372.jpg
:

Figur som viser tidsserien av akustiske bestandsestimat av lodde i Barentshavet.

Lodde2a372.jpg

Figur som viser ein prognose for utviklinga i loddebestanden frå toktet i september 2007 til gytinga i april 2008
 

Se ICES' råd om lodde (ekstern lenke)