Hopp til hovedteksten

Kvoteråd våren 2007

Det internasjonale rådet for havforskning (ICES) anbefaler en totalkvote for tobis på 170 000 tonn. Samtidig avdarer ICES mot ulike problemer ved metodikken og sier at det begrensede kunnskapsnivået ikke gir tilstrekkelig grunnlag for å gi et endelig forslag til framtidig forvaltning av denne arten. Basert på toktundersøkelser på alle viktige felt i Nordsjøen understreker Havforskingsinstituttet advarslene om metodiske problemer og påpeker at tobisbestanden også har vært betydelig under en kritisk grense helt siden 2000 og at kvoten derfor ikke må overskrides.

Miljøendringar gjer at nordsjøsilda ikkje reproduserer seg godt. Difor tilrår forskarane nær ei halvering av nordsjøsildkvoten i 2008.

I Norskehavet og Barentshavet er torsken, hysa og seien i relativt god stand, men forskarane er framleis uroa over eit for stort ulovleg fiske.

Den rådgivande komité (ACFM) i Det internasjonale råd for havforsking (ICES) avslutta sitt møte i København før helga. Frå dette møtet kjem kvoteråd for 2008 for mellom anna nordaustarktisk torsk, hyse, sei og blåkveite, nordsjøsild og bunnfiskbestandane i Nordsjøen.

Øyepål i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat

Øyepål i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat

Gytebestanden av augepål låg under kritisk grense tidleg i 2006, men bestanden har no full reproduksjonsevne. Storleiken på gytebestanden i 2008 avheng både av kor mykje som vert fiska i 2007 og styrken på 2007-årsklassen. Det er ikkje venta god rekruttering i 2007, og ICES reknar difor med at gytebestanden i 2008 vil vere under føre-var-grensa. Det vert difor tilrådd at fisket etter augepål vert halde stengt i 2007.

les mer

Høstgytende sild i Nordsjøen og Skagerrak

Høstgytende sild i Nordsjøen og Skagerrak

Alle årsklassane nordsjøsilda har produsert etter 2001 vert rekna mellom dei svakaste sidan slutten av 1970-åra. Miljøendringar har ført til at denne bestanden no ser ut til å ha redusert si reproduksjonsevne, i tillegg er det risiko for at den vert hausta på ein ikkje berekraftig måte. Gytebestanden var under føre-var-grensa i 2006, og kjem til å vere det også i 2007.

EU og Noreg har hatt avtale om forvalting av nordsjøsilda sidan 1998, ei avtale som vart reforhandla i 2004. Fangstane har vore høgare enn dei tilrådde kvotane dei siste åra, og ICES understrekar at forvaltinga må skje i tråd med forvaltingsplanen. Rådet for 2008 er difor ein kvote i det direkte sildefisket i Nordsjøen på 175 000 tonn og totalt 200 000 tonn for alle flåtane.

les mer

Hyse i Nordsjøen og Skagerrak

Hyse i Nordsjøen og Skagerrak

ICES meiner bestanden har full reproduksjonsevne og vert hausta berekraftig. ICES' råd er i tråd med den vedtekne forvaltingsplanen, noko som gir ein fangst på 49 300 tonn i 2008 når utkast ikkje er inkludert. Gytebestanden er då berekna til å bli 306 000 tonn i 2009.

les mer

Nordøstarktisk blåkveite

Nordøstarktisk blåkveite

Denne bestanden har vore på eit lavt nivå i mange år. I ein periode frå 1990-talet og fram til 2004 vart det registrert ein liten auke i bestanden, og i denne perioden var uttaket mindre enn 13 000 tonn. Auken i bestanden ser no ut til å ha stoppa. Fram til det vert lagt fram meir informasjon som stadfestar ei auke i bestanden, tilrår ICES at det ikkje vert fiska meir enn 13 000 tonn. ICES påpeikar også at forskingskvotane av blåkveite er større enn det vitskapen har bruk for.

les mer

Nordøstarktisk hyse

Nordøstarktisk hyse

Forskarane meiner at bestanden av nordaustarktisk hyse har god reproduksjonsevne. I dei åra det totale uttaket har  vore mindre enn 130 000 tonn (inkludert urapporterte fangstar) har bestanden auka. ICES tilrår difor at fangstane i 2008 vert haldne under dette nivået. Berekningane av bestanden er usikre, men dei indikerer trendar i gytebiomassen. Toktdata tyder på at det kjem fleire sterke rekrutterande årsklassar.

les mer

Nordøstarktisk sei

Nordøstarktisk sei

Denne seibestanden er i god stand. ICES meiner den vert hausta berekraftig og at den har god reproduksjonsevne. Det er utarbeidd ein forvaltingsregel for denne bestanden. ICES har vurdert denne regelen og konkluderer med at den er i tråd med føre-var-prinsippa. Dei tilrår difor at den vert implementert, noko som vil gi ein kvote på 247 000 tonn i 2008.

les mer

Nordøstarktisk torsk

Nordøstarktisk torsk

ICES meiner at denne bestanden har god reproduksjonsevne, men den intensive haustinga kan på lang sikt setje bestanden i fare, og uttaket er meir enn det forvaltingsregelen som Noreg og Russland har vedteke legg opp til. Det urapporterte fisket i 2006 er berekna til 127 000 tonn, om lag 40 000 tonn mindre enn i 2005. ICES understrekar at det framleis er trong for tiltak for å stoppe dette urapporterte fisket. Dei peikar også på at rådgivinga er meir usikker enn ønskjeleg fordi ein manglar data frå heile Barentshavet.

Gytebestanden av nordaustarktisk torsk er over føre-var-grensa og er venta å vere i overkant av 530 000 tonn i 2008. Forvaltingsreglen, som blir vurdert å vere føre var, tilseier ein kvote i 2008 på 409 000 tonn. All fangst må vere inkludert i denne kvoten.

les mer

Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og Den østlige engelske kanalen

Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og Den østlige engelske kanalen

Sviktande reproduksjonsevne og høg risiko for at den ikkje vert hausta berekraftig. Dette er ICES sin vurdering av denne torskebestanden. Gytebestanden er på eit historisk lågmål, men fiskedøyinga ser ut til å ha minka litt sidan 2000. 2005-årsklassen er berekna til å være under gjennomsnittet, men likevel sterkare enn dei fire føregåande årsklassane. ICES meiner at planen for å byggje opp att bestanden ikkje er i tråd med føre-var-prinsippet, og gir difor sitt råd i tråd med føre-var-grensene. Det inneber at det ikkje bør fiskast torsk i Nordsjøen i 2008.

les mer

Norsk kysttorsk

Norsk kysttorsk

Fisket etter kyststorsk nord for 62oN er ikkje berekraftig. Rekrutteringa er dårleg og gytebestanden er mellom dei lågaste ein har observert. ICES’ råd er at det ikkje vert opna for eit fiske etter kysttorsk i 2008. Samstundes vert det peika på at det må utarbeidast ein plan for å byggje opp att bestanden.

ICES understrekar at berekningane av bestanden er usikre. Dette skuldast først og fremst at mykje av denne torsken vert fiska av fritidsfiskarar og turistar, og at ein manglar gode fangsttal frå dette fiskeriet.

les mer

Sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Denne seibestanden er i god stand. ICES tilrår at den vert forvalta i tråd med forvaltingsregelen, noko som gir ein fangst under 150 000 tonn (136 500 tonn i Nordsjøen/Skagerrak). Eit slikt fangstnivå vil gi høgt langtidsutbytte når gytebestanden er godt over føre-var-nivå.

les mer

Snabeluer og vanlig uer

Snabeluer og vanlig uer

Begge desse bestandane har vore på eit lavt nivå i mange år.

Når det gjeld vanleg uer har rekrutteringa svikta sidan tidleg på 1990-talet, og bestanden ser no ut til å vere nær eit historisk lågmål. Ueren lever lenge og reproduserer seg seint, difor må ein vente at denne situasjonen vil vare i mange år. ICES tilrår igjen stopp i alt direkte fiske, utviding av fredinga, skjerpa bifangstreguleringar for trål og eit sterkt yngelvern for å sikre rekruttering og at bestanden vert bygd opp att.

Rekrutteringa til snabeluer-bestanden har svikta sidan 1991. Bestanden er no nær eit historisk lågmål og har redusert reproduksjonsevne. Det har utvikla seg eit direkte fiske etter snabeluer i internasjonalt farvatn i Norskehavet. I 2006 vart det teke 27 000 tonn i dette fisket, noko som gir grunn til stor uro.

ICES tilrår eit forbod mot direkte trålfiske etter snabeluer i Norskehavet og Barentshavet. Vidare bør område framleis haldast stengde, og grensene for lovleg bifangst bør vere så låge som muleg til det kan stadfestast ei klar auke i gytebestand og tal på yngel.

les mer

Kvoteråd for tobis i Nordsjøen

Tobis vår 2007

Det internasjonale rådet for havforskning ICES anbefaler en totalkvote på tobis på 170 000 tonn. Samtidig avdarer ICES mot ulike problemer ved metodikken og sier at det begrensede kunnskapsnivået ikke gir tilstrekkelig grunnlag for å gi et endelig forslag til framtidig forvaltning av denne arten. Basert på tokt på alle viktige felt i Nordsjøen understreker Havforskingsinstituttet advarslene om metodiske problemer og påpeker at tobisbestanden også har vært betydelig under en kritisk grense helt siden 2000 og at kvoten derfor ikke må overskrides.

les mer