Hopp til hovedteksten
lodde1.gif
Utskriftsvennlig versjon

Lodde i Barentshavet

Sammendrag av ICES' anbefalinger, oktober 2007

Status

Den modnande delen av loddebestanden i Barentshavet vart mengdemålt i september 2007 til å vera ca 840 000 tonn. Sjølv om det ikkje vert fiska, er det rekna ut at den modnande bestanden vil verta redusert til ca. 330 000 tonn ved gytetidspunktet (april 2008). Nedgangen skuldast naturleg dødsrate (hovudsakleg på grunn av beiting frå torsk) frå toktet fram til gytetidspunktet.

Forvaltingsråd

ICES konstaterer at sjølv utan eit fiske er det meir enn 15 % sjanse for at gytebestanden ved gytetidspunktet (april 2008) vil falla under kritisk nivå (Blim). ICES rår til at den vedtekne forvaltingsplanen vert fylgt, det vil seia at det ikkje bør fiskast på bestanden i 2008.

Gytebestanden i 2008 vil i hovudsak bestå av 2005-årsklassen, med noko tilskot frå 2004-årsklassen. Begge desse er svake. Men 2006-årsklassen ser ut til å verta langt sterkare, og dette er den første talrike årsklassen på seks år. Resultata frå 0-gruppeundersøkingane i år, viser at 2007-årsklassen på yngelstadiet også er meir talrik enn langtidsmiddelet, sjølv om han er svakare enn 2006-årsklassen.

Det er rekna ut at i perioden 1984-2006 har torskens årlege konsum av lodde variert mellom 0,2 og 3,0 millionar tonn. Ungsild et loddelarver, og ein meinar at den relativt store ungsildbestanden i Barentshavet i periodane 1984-1986, 1992-1994, og frå 2000 var viktigaste årsaka til dei dårlege loddeårsklassene i dei same periodane. Det at det i 2006 og 2007 vart produsert relativt rike årsklassar av lodde  trass i at det framleis er relativt mykje ungsild i Barentshavet, tyder på at det somme år med mykje sild likevel kan vera rom for god lodderekruttering. Dette har truleg samanheng med at den geografiske overlappen mellom sild og loddelarver kan variera frå år til år.

Hausten 2007 vart det funne store sildemengder i Barentshavet, men mesteparten av dette var sild av den rike 2004-årsklassen. Dersom denne silda vandrar ut av Barentshavet våren 2008, vil mengda av 1 år og eldre sild der minka monaleg.

Nøkkeltal:

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 200 000 tonn
Mål for gytebestandsnivå (Btarget): ikkje bestemt
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): ikkje bestemt (ikkje relevant)
Kritisk fiskedødsrate (Flim): ikkje bestemt (ikkje relevant)
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): ikkje bestemt (ikkje relevant)
Venta gytebestand 2008 ved 0 fangst i 2007: ca. 330 000 tonn
TAC (2007) = 0

Havforskingsinstituttets kommentar

Havforskingsinstituttet stør tilrådingane frå ICES.


lodde1.gif

Figuren viser tidsserien av akustiske bestandsestimat av lodde i Barentshavet.

lodde2.gif

Figuren viser ein prognose for utviklinga i loddebestanden frå toktet i September 2007 til gytinga i April 2008