Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Kvoteråd våren 2006

Den rådgivande komiteen (ACFM) i Det internasjonale råd for havforsking (ICES) reknar med at det i 2005 er fanga 166 000 tonn nordaustarktisk torsk som ikkje er rapportert. Det inneber at bestanden er hausta langt over det forvaltingsplanen legg opp til. Difor tilrår havforskarane at kvoten for nordaustarktisk torsk vert sett til 309 000 tonn i 2007. I inneverande år er kvoten av nordaustarktisk torsk på 471 000 tonn.

ACFM avslutta sitt møte i København før helga. På dette møtet vart det utarbeidd kvoteråd for ei rekkje bestandar, mellom anna nordaustarktisk torsk, hyse og sei, kysttorsk, blåkveite, nordsjøsild og uer.