Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Kvoteråd høsten 2006

Det internasjonale råd for havforsking (ICES) tilrår ein kvote på 1,28 millionar tonn norsk vårgytande sild i 2007. I Nordsjøen er rådet null fiske både for torsk, tobis og augepål for å byggje opp att bestandane. Hysa og seien i dei sørlege havområda ser ut til å greie seg bra. Ein positiv utvikling i loddebestanden gir ikkje grunnlag for eit fiske allereie neste år.