Hopp til hovedteksten
Hyse_stim.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Nordaustarktisk hyse

Tilrådd kvote 2019: 152 000 tonn
Tilrådd kvote 2018: 202 305 tonn
Avtalt kvote 2018: 202 305 tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med Den norsk-russiske fiskerikommisjonen sin forvaltingsplan, at fangsten i 2019 ikkje bør overstiga 152 000 tonn.

Historisk bestandsutvikling

Gytebestanden har vore større enn referansepunktet MSY-Btrigger sidan 1989. På grunn av sterke årsklassar på treårsstadiet i perioden 2007–2009 (2004–2006-årsklassane), nådde bestanden eit rekordhøgt nivå rundt 2013. No minkar gytebestanden, men den vil framleis vera langt over MSY-Btrigger. Fiskedødsraten har auka dei siste åra, og er no over målreferansepunktet Fmsy, men under føre-var-referansepunktet Fpa.

Bestandens tilstand

ICES vurderer fiskepresset til å vere over Fmsy, men under Fpa og Flim, men bestanden til å ha full reproduksjonskapasitet.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn

Fangst 2019 (tonn)

F i 2019

SSB i 2020 (tonn)

% endring i SSB*

% endring i TAC**

% endring i råd***

Forvaltingsplan

152 000

0,35

184 694

6,2

-25,0

-25,0

* SSB i 2020 samanlikna med SSB i 2019

**Fangst i 2019 samanlikna med TAC i 2018 (202 305 t)

*** Råd for 2019 samanlikna med råd for 2018

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Systematiske store endringar i bestandsvurderinga over tid reiser spørsmål om kvaliteten til vurderinga. Dette skal undersøkjast nærare i ein planlagd metoderevisjon i 2020. Nivået på prøvetakinga frå fisket gjekk ned rundt 2010, men er noko forbetra i 2016-2017. Det er kjent at utkast har funne stad, men det kan ikkje talfestast, og det er rekna å vera ubetydeleg i seinare år.

Saker relevant for rådet

Rådet for 2019 er basert på at fangstane i 2018 er lik TAC (202 305 t), men TAC for 2017, inkludert overførte kvanta frå 2016 vart ikkje fullt utnytta i 2017. Partane har overført unytta kvanta til 2018, så uttaket i 2018 kan bli høgare enn TAC, sjølv om uttak i tråd med TAC er vurdert å vera meir sannsynleg. Rådet for 2019 er lågare enn det prognosen gjeven i fjor tyda på. Tokta i 2015-2017 tyder på at talrike årsklasser er på veg inn i bestanden, noko som kan føra til høgare fangst av undermåls fisk dei neste par åra. Ein reduksjon i TAC i 2019 i tråd med forvaltingsplanen vil ha den fordelen at større delar av desse rike årsklassane vil overleve.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1

Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).

Nøkkeltall

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 50 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 80 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger ): 80 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,77
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,47
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,35
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,35
Venta fiskedødsrate i 2018: 0,49
Venta gytebestand i 2019: 173887 tonn

Standardplott

Nordaustarktisk hyse. Historisk utvikling av fangst, rekruttering, fiskedødsrate og gytebestand. Siste års rekruttering (open søyle) er gjennomsnittleg rekruttering. For rekruttering, fiskedødsrate, og gytebestand er 95% konfidensintervall vist.


Havforskingsinstituttets kommentarar

Havforskingsinstituttet stør rådgjevinga frå ICES.