Hopp til hovedteksten
MX0B2281.jpg
Det internasjonale havforskingsrådet tilrår at det ikke blir sett loddekvote i Barentshavet i 2019.
Foto: Erlend Astad Lorentzen
Utskriftsvennlig versjon

Lodde i Barentshavet

Tilrådd kvote 2019: 0 tonn
Tilrådd kvote 2018: 205 000 tonn
Avtalt kvote 2018: 205 000 tonn
 

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med forvaltingsplanen fastsett av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen, at det ikkje bør fiskast lodde i Barentshavet i 2019.

Historisk bestandsutvikling

Den modnande delen av bestanden vart hausten 2018 kartlagt under økosystemtoktet i Barentshavet og funnen å vera noko mindre enn hausten 2017, litt over ein million tonn. Talet på eittåringar var også lågare enn i 2017, og under langtidsmidlet.  

Bestandens tilstand

ICES reknar at gytebestanden 1. april 2019 mest sannsynleg vil vera på 317 000 tonn, men at det er 11% sannsyn for at gytebestanden kjem under 200 000 tonn.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn

Fangst Y+1 (tonn)

SSB i 2019 (tonn)

P(SSB 2019 < 200 000 t)

% endring i råd*

Forvaltingsplan

0

317 000

11%

-100

* Rådet for 2019 samanlikna med rådet for 2018

 

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestandsvurderinga er basert på det akustiske dekninga som inngår i økosystemtoktet. Områdedekninga i toktet var god der ein ventar å finna modnande lodde. Dekninga i det søraustlege Barentshavet, der ein vanlegvis finn ein del eittåringar, var derimot mangelfull, og dette kan ha medført at talet på 1-åringar (som vil vera del av grunnlaget for eit eventuelt fiske i 2020) kan vera underestimert.

Saker relevant for rådet

Den modnande bestanden hausten 2018 minka med 39% samanlikna med den i 2017. Sidan bestanden vert forvalta etter ein forvaltingsplan som siktar mot å sikra ein viss storleik på gytebestanden, og denne er venta å koma under tiltaksgrensa i forvaltingsplanen (200 000 tonn) med større enn 5% sannsyn, vert nedgangen i fiske mykje større enn nedgangen i modnande bestand.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1

Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (Bifrost/Captool)

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 200 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): Ikkje relevant
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): Ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): Ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): Ikkje relevant
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): Ikkje relevant
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): Ikkje relevant
Venta fiskedødsrate i Y: Ikkje relevant
Venta gytebestand i Y+1: 317 000 tonn (90% konfidensintervall: 168 000 tonn – 614 000 tonn)

Standardplott

Standardplott_lodde_2019.jpg

Fangst, rekruttering, gytebestand (1. april) og målt bestand om hausten for lodde i Barentshavet. Fangst, gytebestand og målt bestand om hausten i millionar tonn, rekruttering i milliardar eittåringar. Det skraverte grøne området viser 90 % konfidensintervallet (5-95 %) for gytebestanden.

 

Havforskingsinstituttets kommentarar

Havforskingsinstituttet støttar rådet frå ICES.