Hopp til hovedteksten
Havforskningsrapporten 2013
Utskriftsvennlig versjon

Publikasjonar frå Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet publiserer kvart år ei rekkje dokument, rapportar, brosjyrer og artiklar. Institusjonsarkivet Brage IMR vart oppretta i 2007 for varig lagring og tilgjengeleggjering av eigne forskingsresultat i fulltekst. Arkivet inneheld stadig fleire av instituttet sine publikasjoner frå 1900 til dd. Målsettinga er størst mulig grad av heilskap. Dei vitskaplege artiklane våre som er frigitt for open publisering finn du òg i Brage IMR.

Dei siste artiklane i Brage IMR

Instituttets 20 siste open access-artiklar

I Brage IMR vert alle artiklane våre som ikkje er rettigheitsbelagt av forlag, registrert. Her kan du kan søke eller bla i instituttet sin open access-produksjon, inkludert serier/rapportar av fagleg karakter.

Sjøpattedyrrapporten

Sjøens pattedyr frå 2010 viser korleis sjøpattedyra har utvikla seg og er i slekt med kvarandre. Rapporten omtaler dei viktigaste artene i norske farvatn. Sjøpattedyrforvaltinga vert presentert med kortfatta oversikter. Til slutt vert det gitt ei komplett oversikt over verdas sjøpattedyr med vitskaplege, engelske og norske namn. 

Sjøens pattedyr 2010 (PDF)
Sjøens pattedyr 2010 (som digital bok)
 

Havforskingsrapporten

Havforskingsrapporten kjem ut årleg med oppdatert kunnskap og nøkkeltal om dei kommersielle og nokre av dei lite utnytta marine ressursane. Artene vert presenterte alfabetisk og lett tilgjengeleg i andre halvdel av rapporten. Resultat frå dei første marine verneområda på Sørlandet, konsekvensen av klimaendringar og auka etterspurnad etter naturressursar i Polhavet, og effekter av rømt oppdrettslaks på villfisk er nokre av temaa i årets Havforskingsrapport.

Havforskningsrapporten 2014 (som PDF)
 

Risikovurdering - miljøverknader av norsk fiskeoppdrett

Havforskingsinstituttet har på bestilling frå Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) gjort ei innleiande risikovurdering av miljøverknader av norsk fiskeoppdrett. Vurderinga tar utgangspunkt i dei overordna måla som er definerte i departementets ”Strategi for en miljømessig bærekraftig havbruksnæring” frå 2009, der vi har lagt vekt på miljømål for smittespreiing, genetiske påverknader på villfisk, samt utslepp av næringssalter, organisk materiale og legemiddel.

2013:
(PDF)

2012:
(PDF)

Rømt oppdrettslaks i vassdrag - rapport fra den nasjonale overvåkingsgruppen

Overvåkingsgruppen for rømt oppdrettslaks ble opprettet i 2014 og består av forskere fra Havforskningsinstituttet, NINA, Rådgivende Biologer AS, Uni Research og Veterinærinstituttet. I tillegg har en rekke andre bidratt med data fra de ulike elvene. Gruppens første rapport ble levert i 2015.

Rapport frå Havforskinga

Havforskingsinstiuttet publiserer kvart år ei rekkje rapportar i serien "Rapport fra Havforskningen".
Oversikta frå 2007 til dd finn du her: Rapportar

Fisken og havet

Fisken og havet er Havforskingsinstituttet sin vitskaplege publikasjonsserie.

Fisken og havet