Hopp til hovedteksten
arkiv_referanseflaten-kopi.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Referanseflåten går til filmen

Kommentar fra HI i Fiskeribladet Fiskaren 30. august 2017: I desse dagar er det 17 år sidan Havforskingsinstituttet byrja ordninga med ein referanseflåte. Sidan oppstarten har nærare 90 fartøy – både kyst- og havgåande – bidratt til forskinga vår. No styrkar vi samarbeidet, og tek nye digitale kanalar i bruk.

Tom Williams, prosjektleiar for referanseflåten og forskar Kjell Nedreaas, Havforskingsinstituttet  
 
Havforskingsinstituttet har alltid samarbeidd nært med fiskerinæringa. God og oppdatert kunnskap om fiskeria er heilt avgjerande når vi skal gje våre råd til fiskeriforvaltinga. Vi må vita korleis dei ulike flåtane opererer gjennom sesongen og kva og kor dei fiskar. Det er spesielt viktig å vita kor mykje det vert fiska av dei ulike aldersgruppene. Denne informasjonen er grunnlaget for modellane vi brukar til å anslå storleiken på fiskebestandane.
 
Det er ikkje noko lita oppgåve mannskapet tek på seg når fartøyet deira blir ein del av referanseflåten. Dei skal ta representative fangstprøvar av viktige bestandar som torsk, hyse, sei, sild og makrell. Så skal dei måla lengda på fisken og sikra aldersdata. I tillegg må dei dokumentera fiskeinnsatsen, kva artar som er i fangstane, bifangst, utkast og fangst av sjøfugl og sjøpattedyr. Kvart fjerde år er det anledning til å søkja om opptak (eventuelt takka for seg) i flåten. Ordninga er finansiert av inntekter frå ei fiskeriforskingsavgift av førstehandsomsetjinga av viltlevande marine ressursar.          
 
Systemet for prøvetaking og opparbeiding av data frå referanseflåten er nesten identisk med det systemet vi brukar om bord på våre eigne forskingsfartøy. Det stiller krav både til oss som pedagogar og til fiskarane som skal læra seg metodane. Til dømes skal enkeltfiskane som skal målast plukkast ut heilt tilfeldig frå bandet. Det må til for å få representative prøvar. Her har vi laga ein detaljert framgangsmåte som alle som tek slike prøvar må kjenna. Kjem det nye folk om bord må også dei lærast opp. 
 
Sjølve prøvetakinga krev også sitt både av utstyr og ekspertise. Vi har til dømes fem nivå for modningsstadiet hos fisken, og desse skal prøvetakaren om bord kunna kjenna att. 
Så dukkar det også opp andre oppgåver etter kvart som vi går i gang med nye forskingsprosjekt og i takt med forventingane om at vi også skal ha kunnskap om andre, kommersielt mindre viktige bestandar. 
Havforskingsinstituttet må sjølvsagt gje opplæring i eksisterande og nye prosedyrar, og vi har som mål å koma om bord i alle referansefartøy minst ein gong per år. Det er også kursing på land og opplæringsmateriell tilgjengeleg.  
 
Ei av tilbakemeldingane frå referanseflåten er at dei ønskjer meir oppfølging frå oss. Vi ser også behovet for meir kommunikasjon, og strekkjer oss så langt ressursane og kapasiteten vår rekk. Det er vårt ansvar at opplæringa og gjennomføringa er kvalitetssikra slik at vi kan stola på dei data vi får frå flåten, men det vil nok likevel alltid vera eit gap mellom forventingane frå flåten og det vi klarar å få til. Derfor tenkjer vi no i nye banar. 
 
I desse dagar byrjar filminga av ein instruksjonsvideo som viser prosedyrane for prøvetaking. Hovudrolla vert spela av ein av fiskarane i kystreferanseflåten. Kven det er, vert avslørt på «filmpremieren» i oktober! Vi kjem også i langt større grad til å nytta oss av Facebook; både for å kommunisera raskt og effektivt med fiskarane våre og for at befolkninga elles skal få læra meir om det store og viktige arbeidet referanseflåten gjer for oss. Mange av fiskarane er alt på sosiale media, og nye, unge generasjonar av fiskarar er der i alle fall. 
 

 

Kontaktpersoner

Tom Williams
924 00 116
Kjell Nedreaas
995 38 549