Hopp til hovedteksten
Smoltfella i Guddalselva.

Utskriftsvennlig versjon

Gjøvik har misforstått det meste

I engasjerte innlegg på nettstaden iLaks harselerer J.A. Gjøvik med inkompetente forskarar og vårt arbeid med marin overleving hos sjøaure. Arbeidet vårt som er publisert i fagtidsskriftet Marine Biology Research (Skaala, Kålås and Borgstrøm. 2014. Vol 10 (3):279-288) viser at marin overleving hos sjøaure i midtre del av Hardangerfjorden er unaturleg låg, at aure medisinert mot lus har dobbelt så høg overleving som kontrollgruppa og at ein stor del av auren som overlever sjøopphald har skadar forårsaka av lakselus. Gjøvik har imidlertid misforstått det aller meste av arbeidet og rekneøvingane hans blir difor meiningslause.

Marin overleving hos sjøaure

Gjøvik har misoppfatta arbeidet på fleire punkt. I resultatkapittelet vårt går det klart fram at svært få sjøaurar kjem tilbake til elva etter første sommar i sjøen, og at hovudmengda kjem tilbake etter to og nokre etter tre år. Gjøvik har imidlertid mistolka dette som er ein sentral del av arbeidet og harselasen og reknestykket hans blir difor meiningslause. Om han har lest arbeidet, er det underleg at han har oversett dette som kjem klart fram i både tekst og figurar.

Vidare harselerer han med at det også vandrar opp umerka sjøaure i elva, og om den umerka fisken seier Gjøvik: ”Oppvandrerne er i alle fall ikke streifere fra andre elver, ettersom artikkelen sier at det dreier seg om fettfinneklippet fisk fra Guddalselva.” Dette er ein besynderleg påstand sidan det i vårt arbeid er klart uttrykt i teksten at: “The ascending fish consisted of both adipose clipped and untagged individuals. The untagged individuals may be strays from neighbouring rivers or smolts from River Guddalselva which have passed the smolt trap undetected or originating from the pool below the smolt trap.” La oss her nemna at i tillegg til mindre naboelvar har ein også Etneelva med sin store sjøaurebestand i nærleiken.

Lusa ramlar av i ferskvatn

Gjøvik spør vidare kvifor det ikkje er ”data på luseskader og infeksjonsnivå i selve Guddalselven.” Luseskader er faktisk både dokumentert og diskutert i artikkelen. Grunnen til at vi ikkje rapporterer infeksjonsnivå på fisk som blir fanga i elva, er sjølvsagt at lakselus er ein marin parasitt som ikkje lever i ferskvatn, slik at når auren vandrar inn mot ferskvatn og opp i elva, slepp parasitten taket i verten. Registrering av lus på aure som avlusar seg i små elveutløp kan ikkje gjerast i vassdrag som Guddalselva. Dette er alminneleg kjent, og å bruka talet på lus på fisk fanga i Guddalselva som grunnlag for rådgjeving ville difor vera fagleg feil og det ville føra forvalting og politiske styresmakter bak ljoset.

Arbeidet vårt konkluderer med at lusemengda i denne delen av Hardangerfjorden er for høgt for sjøaurebestandane, slik også det nasjonale overvakingsprogrammet har dokumentert i fleire år, og at lusemengda må ned.

Sjikane er ikkje fagkritikk

Avslutningsvis briljerer Gjøvik med kunnskap om at fiskebestandar er påverka av fysiske inngrep i vassdrag, sur nedbør og giftig aluminium samt klimaendringar. Dette er jo kjente problemstillingar som forskarane på laks og sjøaure har arbeidd med i fleire tiår. Det er også allment kjent at ein del av Guddalselva vart bygd om med kanalisering ca 15 år før vi starta vårt arbeid. Dette har heilt sikkert påverka fiskeproduksjonen i elva negativt, men det har ikkje innverknad på våre resultat med omsyn til talet på overlevande fisk etter sjøopphaldet. Vasskvaliteten i Guddalselva er stabil og god og blir regelmessig overvaka gjennom nasjonale overvakingsprogram.

Sidan våre arbeid blir kvalitetssikra gjennom internasjonal fagfellevurdering ligg detaljane i metodar og resultat opne for alle som ønskjer å lesa og eventuelt kritisera arbeida på fagleg grunnlag. Gjøvik underkjenner imidlertid heile det internasjonale systemet for fagleg kvalitetssikring som er ein fundamental del av den vitskaplege produksjonen ved Havforskingsinstituttet og alle andre fagmiljø. Oppslaga og forma hans understrekar betydninga av fagleg kvalitetssikring, og inviterer ikkje til vidare diskusjon.

Denne artikkelen er også publisert på iLaks.

Kontaktpersoner

Øystein Skaala
476 27 878