Hopp til hovedteksten
Sild
Undervannsbilde av sild.
Utskriftsvennlig versjon

Snakk om sild

Kommentar til FiskeribladetFiskaren sin leiarartikkel 8. april: FiskeribladetFiskaren har i lang tid skrive mykje om norsk vårgytande sild. Gjennomgangsmelodien har vore at det er sterk usemje mellom forskarar og fiskarar om kor mykje sild det er i havet.

Siste episode i denne føljetongen står på trykk 8. april. Denne gongen også med ein leiarartikkel om saka som må byggja på ei rekkje misforståingar. Vi kjenner oss i alle høve ikkje att i omtalen og vil difor nytte høvet til å formidle vårt syn i saka.

Fiskarar og forskarar samarbeidde godt på gytetoktet i vinter. Resultatet vart presentert som ein indeks, på same måte som på tidlegare gytetokt på vinteren. På den måten kan vi også samanlikna utviklinga over tid. Rapporten frå toktet og dei berekningane som vart gjort ligg lett tilgjengeleg på Havforskingsinstituttet sine nettsider. Fiskarane var vel kjende med resultata før dei vart lagt ut.

Frå Havforskingsinstituttet si side har vi heile tida vore klare på at resultatet frå gytetoktet saman med resultatet av larvetoktet som no er i gong og maitoktet, skal leggjast fram i ICES si arbeidsgruppe til hausten. All denne informasjonen vil vere sentral i den store benchmark’en av sild som skal starte til hausten.

Benchmark er ein open prosess i ICES kor observatørar kan delta og får tilgang på alle dokument og data frå alle deltakarland.  Vi oppmodar norske fiskarorganisasjonar til å søkje om observatørstatus slik at dei kan få fram sine synspunkt i prosessen. Dess betre og breiare ei sak vert belyst, dess betre.

Våre forskarar førebur seg no til denne omfattande prosessen. Det arbeidet skjer internt hos oss og kjem ut som dokument i prosessen. I dette interne arbeidet er ikkje andre involvert.

Alt Havforskingsinstituttet gjer er ope og transparent. Kva FiskeribladetFiskaren meiner med at forskarane våre ”ikkje vil la andre kikke dei i korta” stiller vi oss undrande til.

Vi tar til etterretning at FiskeribladetFiskaren ønskjer å bidra til å løfte konfliktar i næringa.  For vår del er vi opptekne av å dela vår kunnskap og å diskutere utfordringane både med næring og forvalting. Det er ikkje nytt at fiskarar og forskarar ser ting ulikt, men det har aldri vore til hinder for gode meiningsutvekslingar.

Så nokre fakta:

På møtet mellom Havforskingsinstituttet og næringa 27. mars fekk vi spørsmål om det ville vere plass for fiskarar til å delta på sildetoktet i mai. Svaret var ”Ja, sjølvsagt. Vi skal bruke G.O. Sars og der er det god plass.” Det er altså ikkje rett som FiskeribladetFiskaren skriv at vi ikkje ville ha med fiskarar.

Spørsmålet om å kartlegge sild i hele Norskehavet på makrelltoktet i juli ble tatt opp. Vi har konkludert med at silda vert kartlagt på same måte som tidligare. Vi har ikkje funne det fagleg teneleg å dekkje heile havområdet på dette toktet.

På møtet 27. mars var næringa representert ved Norges fiskarlag, Fiskebåt, Pelagisk forening og Sjømannsforbundet. Tonen i møtet var god og konstruktiv, sett frå Havforskingsinstituttet si side. Det var også tilbakemeldinga vi fekk frå fiskarsida.

20. og 21. mai møtest referansegruppa for ressursforsking på Havforskingsinstituttet. Gruppa møtest ein gong i året for å drøfte aktuelle tema innafor ressursforsking. Til dette møtet er det mellom anna føreslege at erfaringane frå årets sildetokt vert sett på dagsorden. Det er ikkje eit møte som er ope for alle, men referat og oppsummeringar er tilgjengeleg for dei som ønskjer det. Referansegruppa består av representantar frå fiskarane sine organisasjonar, forvaltinga og forskinga. Vi meiner dette er ein god arena for utveksling av synspunkt og informasjon, og vi kjem til å halde fram med å delta i og skape slike møteplassar.

Vi kan ikkje sjå at det tener nokon å halde fram denne diskusjonen i FiskeribladetFiskaren. For vår del treng vi å konsentrere oss om arbeidet fram mot dei store tunge prosessane i ICES. Vi er i gong med larvetoktet og kjem med informasjon frå det på våre nettsider etter kvart. Vi lovar og godt med oppdateringar frå mai- og julitoktet slik at alle skal kunne følgje med på utviklinga.

Fakta om NVG-sild

Latinsk navn: Clupea harengus L.
Familie: Clupeidae
Maks størrelse: 40 cm og 500 g
Maks levetid: 25 år
Leveområde: Nordøst-Atlanteren
Hovedgyteområde: Møre og Nordland
Gytetidspunkt: Februar–mars
Føde: Plankton
Spesielle kjennetegn: Lever i tette stimer som beveger seg som en enhet

Norsk vårgytende sild

Kontaktpersoner

Tore Nepstad
993 28 602