Hopp til hovedteksten
Vjatsjeslav_Zilanov_bredde_nett.jpg
Den russiske fiskeriveteranen Vjatsjeslav Zilanov hevder at USA ønsker å ta leiarskapet i Arktis, og at russiske fiskarar står att som dei store taparane. Bildet er tatt i Longyearbyen i samband med ein norsk-russisk havforskarsymposium.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

Russland tapar i Arktis?

Kronikk i Nordlys, 23.12.13. USA forsøker å ta leiarskapet i Arktis og får openberr støtte frå Nato-landa Noreg, Danmark og Canada. Russiske fiskarar råkast hardast, hevdar russisk fiskeriveteran.

Vjatsjeslav Zilanov er veteran i russisk fiskeriforvaltning, og spørsmålet over er tittel på ei bok som han presenterte i Murmansk før helga.  Den som les boka finn ut at det er meir konkluderande enn spørjande. Zilanov var visefiskeriminister i Sovjetunionen og deltok mellom anna under dei såkalla gråsoneforhandlingane på 70-talet. Han har hatt ei rekkje verv i russisk fiskeriforvaltning. No er han pensjonist og kritisk til fiskeripolitikken som førast i Russland.

Dårlege avtalar

Arktis er først og fremst eit stort havområde som er omkransa av fem land, Russland, USA, Canada, Grønland/Danmark og Noreg. Fire av dei er Nato-medlemmar. Då meiner Zilanov at Russland må vere på vakt. Samtidig hevdar han at Russland har oppnådd særdeles dårlege delelinjeavtalar med naboane i både aust (USA) og vest (Noreg). Dei russiske forhandlarane har, ifølgje Zilanov, rett og slett gitt naboane for store havområde, både Beringhavet og Barentshavet. Russiske fiskarar er dei største taparane, fordi dei anten er utestengd frå viktige fiskefelt eller står i fare for å bli det. Aller verst er avtala med USA i Beringhavet. Der har dei russiske forhandlarane bytta bort gode fiskefelt med område kor det alltid har vore svart hav. Det skuldast mellom anna at fiskenæringa har vore stengt ute frå dei russiske forhandlingsdelegasjonane, medan motpartane har hatt fiskerifagleg kompetanse.

Anerkjent Fiskevernsona?

Noreg og Sovjetunionen/Russland forhandla i 40 år for å finne fram til ein endeleg deling av havområda i Barentshavet. Noreg stod på midtlinjeprinsippet, medan Sovjetunionen/Russland gjekk inn for å følge sektorlinja som Josef Stalin teikna opp i 1926. Det omstridde området var på 175.000 kvadratkilometer, noko som svarer til nesten halvparten av det norske fastlandsarealet. Det var dette området Noreg og Russland delte mellom seg då den nye delelinjeavtala tredde i kraft sommaren 2011. I tillegg har Russland sagt seg usamd i at Noreg hadde rett til å opprette Fiskevernsona ved Svalbard då den kom i 1977. Russarane reserverer seg framleis mot den norske jurisdiksjonen i Fiskeversona, mellom anna fordi russiske styresmakter meiner at sona ikkje er i samsvar med Svalbardtraktaten. Ifølgje det russiske synet har ikkje den norske kystvakta rett til å kontrollere russiske fartøy som fisker ved Svalbard, og Zilanov meiner at norske inspeksjonar år om anna fører til unødvendige konfrontasjonar i Fiskevernsona. No kan slaget vere tapt for Russland, mellom anna fordi den nye delelinja går aust for sektorlinja som russarane i si tid ville ha som grense. Zilanov skriv mellom anna:

Om vi skal sjå litt framover i tid, må vi berre innrømme at (delelinje)avtala frå 2010 gir all mulig grunn til å rekne med at Russland har allereie har anerkjent Fiskevernsona rundt Svalbard på 200 (nautiske) mil.

På toppen av at russiske fiskarar ligg an til å «miste» Fiskevernsona, så frykter Zilanov at den russiske fiskeflåten kan få store problem dersom det blir like mykje is i Barentshavet som tidlegare, som for eksempel i 1979. Då låg det is i så å seie heile området som i dag er russisk økonomisk sone.

Fisk framfor olje

Den gryande olje- og gassverksemda i nord får ikkje full tilslutning hos den russiske fiskeriveteranen, og han meiner fiskerinæringa må prioriterast framfor oljeindustrien, både av miljømessige og økonomiske årsaker. Petroleumsverksemda kan berre bli ein midlertidig økonomisk faktor, medan fisken er ein fornybar ressurs som varer til «evig tid». Dessutan kan Russland tape på fleire frontar. Noreg er betre skodd, både teknologisk og økonomisk til å utvinne olje og gass i nord. På toppen av det heile kan ei oljekatastrofe i norsk økonomisk sone få store konsekvensar for dei felles norsk-russiske fiskebestandane. I tillegg viser Zilanov til at havstrømmane i nord vil føre eventuelle utslepp inn i den russiske sonen.

– I dag sel vi sunn fisk som kjem frå eit reint og kaldt Barentshav. Dersom vi mister denne merkevaren, vil det ta jobben frå titusenvis arbeidstakarar i Russland og Noreg og på Færøyene, Island og Grønland.

Han frykter også at ei eventuell opning for oljeverksemd ved Svalbard kan føre til eit kappløp kor fleire av dei store landa som har underteikna Svalbardtraktaten melder seg på, mellom andre USA, Kina, Japan, Storbritannia osv.

Representativ?

Kor mange er det som deler Zilanov sitt syn? Det er vanskeleg å seie, men sjølv viser han til at det berre var vel 60 prosent av representantane i Dumaen som stemte for å ratifisere delelinjeavtala i Barentshavet. Alle kom frå presidenten sitt parti, Sameina Russland. Delegatane frå dei andre partia let enten vere å stemme, eller dei stemte mot.

Ein treng ikkje vere einig med Zilanov for å ha utbytte av boka hans, og «nokon» bør kjenne ansvar for å omsetje den til norsk. Den gjer eit godt innsyn i argumentasjonen til den fiskeripolitiske opposisjonen i Russland. I tillegg er den spekka med historier og anekdotar frå ulike møte mellom norske og sovjetiske/russiske politikarar og diplomatar, møte som har vore blant dei viktigaste i tilhøvet mellom dei to nabolanda.

Kontaktpersoner

Gunnar Sætra
916 11 414