Hopp til hovedteksten
Torsk
Utskriftsvennlig versjon

Vi fiskar passeleg mykje torsk i Barentshavet

Kronikk i Bergens Tidende 18. november: I BT 11. november tar den pensjonerte havforskaren Johannes Hamre til orde for at det må fiskast meir torsk i Barentshavet fordi det er fare for ubalanse mellom torsk og byttedyr i økosystemet. Kronikken inneheld ikkje noko nytt. Påstanden hans om at vi bør fiske torskebestanden ned til eit nivå på ca 300 000 tonn gytefisk er minst 10 år gammal, og like lenge har alle som er involvert i kvoterådgjeving for denne bestanden stått for ei meir forsiktig linje.

Det kan ligge nær å tru at ”det sunne bondevitet” som blir referert til i artikkelen er fornuftig: Bonden har ved erfaring funne ut at det er god haustingsstrategi å avgrense talet på vaksne sauer i tråd med grasproduksjonen på garden. På same måte kan det verke freistande å redusere bestandane i havet til ein stort sett sit att med unge individ, fordi desse veks fortare enn det eldre individ gjer.

Det ligg ein fare her, som vi ikkje har lov til å neglisjere eller undervurdere, om vi vil drive forsvarleg forvalting av våre naturressursar. Dersom vi, som bonden, hadde tilnærma full kontroll med kor mange sauer som skal bli fødde kvart år, og kor mange som blir tekne ut til slakt, og dersom vi, som bonden, lett kunne føre rekneskap med kor stor grasproduksjonen er kvart år, og berre hadde to nivå i næringskjeda vår; gras og grasetarar, ja så kan det tenkjast at Hamre hadde hatt rett. Men våre marine økosystem består ikkje av gras og grasetarar, men av eit svært komplisert næringsnett med minst fem nivå (planteplankton – dyreplankton - planktonetande fisk - fiskeetande fisk - sel/kval/fugl), der vi haustar på minst tre av dei.

Fisk skil seg også frå sauer på mange andre måtar. Fisk kan svelte i månadsvis utan å døy, utnytte store matmengder når dei måtte vere tilgjengelege og utnytte eit vidt spekter av mat, inkludert sine eigne artsfrendar. Slik kan dei sjølve langt på veg tilpasse seg til næringsgrunnlaget. I motsetnad til sauer veks dessutan torsk heile livet. Dessutan er det alltid ei uvisse knytt til våre observasjonar av bestandar og produksjon; det er lettare å telje sauer enn fisk.

Og viktigast av alt; vi har ingen som helst kontroll med rekrutteringa til dei ulike bestandane som lever i havet, når ein ser bort frå at vi ved fiske kan påverke kor mange som får høve til å gyte. Men erfaring har lært oss at ein og same gytebestand av torsk kan gi opphav til årsklasser der den sterkaste årsklassen er 10-15 gonger så talrik som den svakaste. Når ein også veit at bestanden av lodde, som er det viktigaste byttedyret til torsken, av naturlege årsaker kan svinge frå 0,1 til 7 millionar tonn i løpet av fire år, gjev det lite meining å snakke om ’økobalansen’ slik Hamre gjer.
 
Hamre gjer seg til talsmann for å sjå på økosystemet som ein maskin som ved finjusteringar kan trimmast for å yte maksimalt. Det finst ingen døme på at ei slik tilnærming har fungert i marin fiskeriforvaltning. Derimot finst det mange døme på at eit hardt fiske på torskebestandar har ført til negative konsekvensar både for økosystemet dei tilhøyrer og for fiskarane som skal leve av dei. Også i Barentshavet har vi slike erfaringar; gjennom ein lang periode vart torsken der utsett for hardt fiske, og spora skremmer. I heile perioden 1955-1989 var fiskepresset på torsk i Barentshavet over det nivået vi no reknar som berekraftig (føre-var), og resultatet var ein nedgang i totalbestanden frå over 3 millionar tonn til under 1 million tonn. I denne perioden låg gjennomsnittleg gytebestand like under dei 300 000 tonn Hamre har rekna seg fram til vil gje optimalt utbytte. Den avtakande trenden i denne perioden er så sterk at det er all grunn til å tru at ein også ved ein gjennomsnittleg gytebestand på 300 000 tonn ville fått ein klar nedgang.

Etter at ein tok i bruk meir varsame forvaltingsreglar i tråd med føre-var-prinsippet, og fekk kontroll med eit stort urapportert uttak, er torskebestanden i Barentshavet no stor og gir grunnlag for eit stabilt, høgt årleg fiske. Kvoten for 2012 er fastsett til 751 000 tonn, om lag 100 000 tonn meir enn gjennomsnittet for perioden frå 1946-2010. Dei forvaltingsreglane som blir brukt for torsk og lodde i Barentshavet i dag tar omsyn til at bestandane verkar inn på kvarandre, og ser så langt ut til å fungere godt. Den norsk-russiske fiskerikommisjonen, som fastset kvotene i Barentshavet, vedtok i 2010 at forvaltingsreglane for torsk, lodde og hyse skal vere uendra i fem år framover, og skal så evaluerast. Ved Havforskingsinstituttet  arbeider vi med å vidareutvikle og forbetre desse forvaltingsreglane.

Hamre har eit par viktige poeng i kronikken sin. Sidan det er så mange faktorar vi ikkje veit nok om, og mange fleire vi ikkje har høve til å påverke, vil tilfeldige hendingar kunne føre til store bestandssvingingar. Det har hendt før og det vil hende igjen, til ulempe for dei som lever av å hauste frå havet. Det har vist seg at økosystemet i Barentshavet er robust nok til å tåle slike hendingar. Barentshavet er eit økosystem der mange bestandar har stor naturleg variasjon. Det kan også tenkjast at forvaltinga kan medverke til at nokre bestandar kan bli for store i høve til andre, og at dette kan motverke økosystemet sine eigne reguleringsmekanismar. Dette er viktige forskingstema ved Havforskingsinstituttet.

Bjarte Bogstad og Harald Gjøsæter