Hopp til hovedteksten
Halsnøy
Halsnøya, ein av idyllane i Hardangerfjorden, med Halsnøy kloster, kanskje det flottaste og mest underprofilerte kulturminnet i Hordaland. På folkemunne heiter det at munkane på klosteret dyrka skjel, og østers og haneskjel fins det framleis i dei gamle bassenga på Løkjelsøy. Foto J. Rabben.
Utskriftsvennlig versjon

Hardangerfjorden under lupa

Frå registreringar veit vi at infeksjonsnivåa av lakselus på laks og sjøaure er så høge at store delar av bestandane etter nokre veker i sjøen har så store skadar at dei ikkje overlever sjøopphaldet. No skal Hardangerfjorden kartleggjast.

Øystein Skaala, prosjektleiar for Hardangerfjordprosjektet
Kronikk i BT 10. juni 2008

Hardangerfjorden har gitt mat og arbeid for menneska i over 9000 år. I dag er fjordbassenget utnytta på mange vis, til fiskeri, rekreasjon og reiseliv, som mottakar for kloakk og avfall frå industri og hushaldningar, og som transportveg for folk og gods. Og sist men ikkje minst, her finn vi Noregs tettaste konsentrasjon av fiskeoppdrett, med ei årleg verdiskaping i milliardklassen. Fjordane på Vestlandet er kåra til ei av dei flottaste opplevingane i verda, og utlendingane som gjestar oss fortel at det er fjorden og fjordlandskapet dei kjem for å sjå. Di større utnyttigsgraden er av fjordområdet, di viktigare er det imidlertid at vi har oversikt over bæreevne og effektar, i alle høve dersom vi ønskjer at fjorden skal vera til nytte og glede også på lang sikt.

Identitet

Fjorden er ein del av identiteten og kulturarven vår, og ein viktig faktor i verdiskapinga i regionen. Ein kan undra seg over at medan vi gjennomfører ei omfattande, årleg overvaking av miljøet i dei store havområda med fly, skip, satellittar og avansert teknologi, har det fram til nyleg vore praktisk tala inga systematisk undersøking av det marine nærmiljøet vårt. Dette har Fiskeri- og kystdepartementet no teke konsekvensen av i ressurstildelinga til Havforskingsinstituttet, der det i fyrste omgang er sett av friske midlar for å styrkja undersøkinga av økosystema i Hardangerfjorden og Porsangerfjorden. Vidare har Fiskeri- og kystdepartementet gitt instruks med umiddelbar verknad til Fiskeridirektoratet og Mattilsynet om å iverksetja særskilte tiltak i forvaltinga av Hardangerfjorden. Bakgrunnen for denne instruksen er mellom anna omsynet til fjorden si bæreevne, situasjonen rundt fiskehelse og parasittar og omsyn til ville bestandar av laks og sjøaure.

Fjordens økosystem

Som ei umiddelbar oppfølging av føringane frå departementet har Havforskingsinstituttet saman med andre gode forskingsmiljø, sett saman ei tung forskargruppe som har utforma eit dokumentasjonsprogram for Hardangerfjorden. Programmet skal primært kartleggja og dokumentera økosystemet i fjorden, kva mekanismar som styrer utviklinga og i kva grad menneskelege aktivitetar påverkar økosystemet. Kartlegging av straumtilhøva og utskifting av vassmassane i fjorden, detaljerte målingar av temperatur, salt og oksygen, og mengda av næringssalt står sentralt. I godt samarbeid med forskarar ved Universitetet i Bergen vil det bli gjennomført kartlegging av tang- og tareskogen, som er ”oppvekstsenter” for mange dyreslag. Det mest avanserte videoutstyret som er å oppdriva vil bli henta inn for å beskriva tilstanden for dei mest verdfulle og sårbare områda av fjorden, og visa glimt frå dagleglivet til skapningane som lever der, ute av syne for dei fleste av oss.

Under grensa for overleving

Artssamansetjinga i dyreplanktonet blir undersøkt, fordi dyreplanktonet er sjølve grunnlaget for mange fiskeslag som til dømes brisling, ein av nøkkelartane i økosystemet. Brislingen som har vore ein viktig del av næringsgrunnlaget og inntekta for folk i Sunnhordland sidan slutten av 1800-talet, og samstundes viktig mat for andre fiskeslag, er no nærast borte. Samtlege bestandar av laks, etnelaksen unnateke, er under grensa for overleving, utviklinga av sjøaurebestandane er tilsvarande. Frå registreringar utført av Norsk institutt for naturforsking, Rådgjevande Biologar, Universitetet i Bergen og Havforskingsinstituttet dei seinare åra veit vi at infeksjonsnivåa av lakselus på laks og sjøaure er så høg at store delar av bestandane etter nokre veker i sjøen har så store skadar at dei ikkje overlever sjøopphaldet. I Etnefjorden er i år  95% av den undersøkte sjøauren infisert med lus, og i snitt har kvar aure over 40 lus, tilvarande tal for Rosendalsområdet er 90% og 30 lus i snitt. Heldigvis er situasjonen langt betre i dei indre fjordområda.

Lakslus og rømming

Samstundes veit vi at oppdettarane i Hardangerfjorden har sterk fokus på både lakselus og rømming, og gjer mykje for å betra situasjonen. Gjennom oppstartingsarbeidet med det nye Hardangerfjordprosjektet har det kome fleire invitasjonar frå oppdrettsnæringa til felles innsats for villfisken, seinast frå Sveinung Sandvik, leiar av FHL Vestnorsk havbrukslag, i BT 5. juni.  Når det gjeld rømingsstatistikken Sandvik viser til, omfattar den imidlertid berre den rapporterte røminga, og kun frå sjøanlegga. Fiskeriforvaltinga og Økokrim meiner at den reelle røminga frå sjøanlegga er vesentleg høgare enn den rapporterte, og at det i tillegg rømer ein god slump fisk frå smoltanlegga. Det er likevel andelen av rømt laks i vassdraga som er det største problemet, og her viser den nasjonale overvakinga ei positiv utvikling frå 1990-talet, medan Etneelva, den siste livskraftige laksebestanden i Hardangerfjordbassenget frå 2006 til 2007 hadde ein auke frå 20 til 46% rømt oppdrettslaks. Det er uvisst kor lenge etnelaksen kan overleva ein slik påverknad frå rømt laks og lakselus.

Fjordens framtid

For Hardangerfjorden si framtid er det veldig bra om vi kan få til eit godt samarbeid mellom oppdrettsnæringa og forskingsmiljøa som no skal dokumentera tilstanden for økosystemet i fjorden. Det  viser seg ofte at når vi snakkar om dei same tala, og utviklar ei felles kunnskapsplattform, får vi ei felles forståing av problema, og det er eit godt utgangspunkt for framtida til fjorden vår.