Hopp til hovedteksten
skreifiske200.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Teknologi og forvaltning

Vi haustar i dag våre levande marine ressursar med metodar som ofte er destruktive for bestandane og miljøet. Utkast av småfisk, fangst og utkast av uønskja artar og øydeleggingar av korallrev og botnfauna generelt er velkjende problem for forvaltninga. Mange barrierer hindrar effektiv introduksjon av nye teknologiske løysingar i vitskap og forvalting som klart kunne avhjelpe mange presserande problem. Løysingane og brukspotensialet for næring, industri, forvalting og forsking kan utløysast berre gjennom meir intim interaksjon og målretta samhandling mellom aktørane. Skjer dette, så er bordet dekka med framtidsretta løysingar med stor positiv innverknad på ei berekraftig forvalting og kostnadseffektivt og miljørett kommersielt fiske. I tillegg kan ei slik utvikling stimulere lokal høgteknologisk eksportretta industri.

Kan ny teknologi gi betre forvalting?

skreifiske200.jpg
Vi haustar i dag våre levande marine ressursar med metodar som ofte er destruktive for bestandane og miljøet. Utkast av småfisk, fangst og utkast av uønskja artar og øydeleggingar av korallrev og botnfauna generelt er velkjende problem for forvaltninga. Mange barrierer hindrar effektiv introduksjon av nye teknologiske løysingar i vitskap og forvalting som klart kunne avhjelpe mange presserande problem. Løysingane og brukspotensialet for næring, industri, forvalting og forsking kan utløysast berre gjennom meir intim interaksjon og målretta samhandling mellom aktørane. Skjer dette, så er bordet dekka med framtidsretta løysingar med stor positiv innverknad på ei berekraftig forvalting og kostnadseffektivt og miljørett kommersielt fiske.  I tillegg kan ei slik utvikling stimulere lokal høgteknologisk eksportretta industri. 

Kronikk i Bergens Tidende 26.09.05
Av Olav Rune Godø
Leder for forskningsgruppen Observasjonsmetodikk

Ei berekraftig forvalting byggjer på at fisk av rett art og storleik vert hausta medan rekrutterande aldersgrupper vert gitt ein sjanse til overleving og vekst. Praksis i dag er at ein veit lite om kva som vert fanga av reiskapen før fisken er på dekk og då er den normalt død eller i alle fall ikkje levedyktig. Trålreiskap selekterer på storleik under fangstinga, men fisken som slepp fri gjennom maskane vil ofte døy av skadane. Vidare er det eit stort problem med reiskap som øydelegg det naturlege miljøet  enten gjennom tauing av tunge trålar over botn eller ved tapte garn og liner som vert ståande på djupet. Forskinga har i stor grad gått ut på å minske desse problema meir enn å fjern dei. Dersom vi meiner at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan berekraftig hausting bør innsatsen på alternative løysingar intensiverast. Til det finns metodar som enno ikkje er fullt utforska og slettes ikkje utprøvd.

Banebrytande akustisk teknologi

Akustisk teknologi har vore ei av dei viktigaste drivkreftene for utvikling av moderne fiskeri, og  ein kan godt seie at det er denne teknologien som har gitt grunnlag for overbeskatting av mange av våre viktige fiskebestandar. Denne teknologien går ut på å sende lydpulsar ut i havet og analysere ekko som vert reflektert frå fisk og andre organismer.  Desse ekkoa kan gi oss informasjon om fisketettleik, art og storleik, og ikkje minst, om fisken si åtferd i sitt naturlege miljø. I framtida kan denne metoden gi oss ny instrumentering som kan verte banebrytande i berekraftig hausting. Arbeid ved Havforskingsinstituttet dei siste åra har vist at akustisk artsgjenkjenning er mogeleg. Grunnlaget ligg i at når ekko frå fleire akustiske frekvensar vert samanlikna kjem det fram eit mønster som er ulikt for forskjellege artar. Metodikken er framleis ung men fiskarane har alt lært seg å utnytte prinsippet til å skille sild og makrell. Metoden har stort potensial til vidareutvikling slik at den vert sikrare og dekkjer fleire artar. Dette krev innsats, mellom anna gjennom utvikling av ekkolodd som gir data over eit kontinuerleg breitt frekvensspekter. Til no har vi brukt berre ekkolodd i denne teknikken. Vi ser at bruken i kommersielt fiske vil verte enda meir aktuell dersom same tilnærmingsmåte kan brukast i sonarteknologi. Fordi sonaren ser langt framom båten kan skipparane med slikt utstyr identifisere artssamansetninga i stimar utan å kome så nær at fisken vert uroa og vanskeleg å fange. Forvaltinga kan gjennom pålegg sikre at akustisk artsgjenkjenning vert brukt for å redusere feilfanging og dumping.

Symjeblæra gir storleiken

Eit like stort problem, i alle fall for eit effektivt fiske, er å framskaffe teknologi som gir storleiken av den fisken som er identifisert. Det finns akustiske løysingar på dette som enno er uprøvde. For fisk med symjeblære er fiskelengda proporsjonal med symjeblæra si lengde. Symjeblære er eit gassfylt rom med svært gode akustiske refleksjonseigenskapar. Visse frekvensar vil gi resonans i det gastfylte rommet. Dersom ein sender lyd over det rette spekter av frekvensar vil ein kunne registrere ekstra sterke ekko på resonansfrekvensane. Ressonansfrekvensen avslørar dermed fiskelengda. Dette kan nyttast til å utvikle instrumentering for storleiksmåling av fisk med symjeblære. For mange artar er prisen sterkt avhengig av storleik, og instrumentering som gir lengdesamansettinga vil kunne gi stor inntening for fiskaren. Desse to eksempla viser at det finns teknologiske løysingar som samtidig både kan gi meir miljørett og økonomisk fiskeri, og dei kan dermed representere viktige element i ei framtidsretta berekraftig forvalting.

Dei nemnde teknologiane er mest egna i pelagiske fiskeri der fiskestorleiken i stimane er nokså jamn og kor stimane gjerne er dominert av ein art. I fiske etter botnfisk er det ofte mange artar og storleiken varierer mykje. I slike høve trengs andre løysingar. Vi ønskjer å prøve ut kombinerte kamera og analyseteknikkar. Instrumenteringa kan stå i eit rør som all fiske frå ein trål vert leia gjennom. Art og storleik på fisk vert fastsett i sann tid og ein separasjonsmekanisme sender fisk av rett art og storleik inn i trålposen. Resten lepp fri. Dette kan gjerast med kjend teknologi, men det krev ein del utvikling og forsking for eksempel innan åtferda til fisken og trålen før denne ikkje-destruktive fangstmetoden er på plass.

Bruk av lys, lyd og laser

Moderne trålar skadar diversiteten i dyrelivet på botn. Slike reiskap er også dyre å bruke, spesielt når oljeprisen er høg som no. Det er energikrevjande å taue desse store konstruksjonane av masker gjennom vatnet. I prinsippet har trålen fungert slik i 100 år og det kan kanskje vere på tide å sjå etter alternativ for å samle fisken før den vert fanga i trålposen. Vi har idear om kva stimuli som samlar fisken sjølv om basalkunnskapen framleis er mangelfull. Lys og lyd er truleg avgjerande. Den som har sett lyset som vert produsert av små marine organsimar når dei treff trålnettet er ikkje lenger i tvil om at biologisk opplyst nett og wirar kan vere avgjerande for effektiviteten. Kanskje kan vi produsere kunstig lys ved hjelp av  laser som kan erstatte nettet i trålane, og kanskje minske behovet for dei tunge og destruktive trålgira? Syntetisk lyd kan også produserast og brukast med same mål.

Avgrensinga ligg ikkje i teknologien

Det er eit paradoks at ein i dag nyttar større offentlege ressursar for å overvake fiskeria enn det ein brukar på å overvake utviklinga i fiskeressursane og miljøet. Det burde vere atskilleg lettare å kontrollere kva menneska gjer på overflaten enn fiskes gang i havet. Uberekneleg og ulovleg åtferd frå fiskarane er ofte eit diskusjonstema. I forskinga ser vi at dei største metodiske problema ikkje er knytta til teknologi som ikkje verkar, men til vår mangelfulle kunnskap om fisken sin åtferd i høve til metodikken. I so måte kan ein seie at åtferd hos fiskar og fisk er rota til mange av problema som forskarar og forvaltarar slit med. Den skapar uvisse i bestandsvurderingane og barrierar mellom aktørane. Dei over nemnde teknopositive løysingane er på ulikt utviklingsnivå og berre eksemplifiserar kva som er mogeleg med nye metodar. Avgrensinga i å ta desse løysingane i bruk ligg ikkje på teknologisida. Det er viljen til å finne felles mål og løysingar, fridomen til rett prioritering og evna til å gjennomføre dei som i dag er blokkert av barrierar mellom aktørane. Det er på tide å sjå på korleis eit spekter av nye teknologiar kombinert med ein unik kompetanse i forsking, forvalting og næring kan gi Noreg plass i fremste rekke når det gjeld utvikling av berekraftig hausting og forvalting av levende marine ressursar. I eit lengre perspektiv er det livsviktig for nasjonen å få meir ut av ressursane og, ikkje minst, skape høgteknologiske produkt som kan produserast og eksporterast av norsk industri. Vegen fram mot slike mål kan verte tung dersom ikkje dette arbeidet vert stimulert av eit konstruktivt samarbeid mellom forskarar, teknologar, industri, fiskarar og forvaltarar. Bergensmiljøet er unikt fordi den naudsynte kompetansen finns i byen eller området rundt. Det er berre å sette i gang. 

Om forfatteren:

Olav Rune Godø er Dr.Philos og forskningsgruppeleder for Observasjonsmetodikk-gruppen, ved Havforskningsinstituttet.