Hopp til hovedteksten
JVMBMCKZGDPPUI.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Lodda i Barentshavet ? nede, ja, men nedfiska?

13.11.2003
Kronikk i Bergens-Tidende 13.11.03: I samband med neste års fiskekvoter tilrår havforskarane null fiske på lodde i Barentshavet i 2004. Grunnen er at bestanden no er svært liten. Mange har oppfatta det som at loddebestanden no er så nedfiska at forskarane vil ha full stopp. Slik er det ikkje.

JVMBMCKZGDPPUI.jpg

I samband med neste års fiskekvoter tilrår havforskarane null fiske på lodde i Barentshavet i 2004. Grunnen er at bestanden no er svært liten. Mange har oppfatta det som at loddebestanden no er så nedfiska at forskarane vil ha full stopp. Slik er det ikkje. Det er ikkje så rart om mange trur at når ein fiskebestand minkar, så må det vera overfiske som er årsaka. Slik er det jo ofte, og for fleire av dei andre bestandane som vart vurderte samstundes med lodda, kan ein med god grunn seia at dei var nedfiska. Men altså ikkje lodda.

Kronikk i Bergens-Tidende 13.11.03
Av Harald Gjøsæter, Sigurd Tjelmeland og Bjarte Bogstad, Havforskingsinstituttet

På det norsk-russiske toktet i Barentshavet i haust målte vi berre 530 tusen tonn lodde, mot 2.2 millionar tonn i 2002 og 3.6 millionar tonn i 2001. Ein slik brå nedgang i loddebestanden har ein observert tidlegare, både i 1984-1986 og i 1992-1994 minka loddebestanden brått (sjå figuren). Det er grunn til å tru at slike kollaps i loddebestanden også har funne stad fleire gonger tidlegare på 1900-talet. Nedgangen skuldast tre faktorar:

· Det er ei naturleg veksling mellom svake og sterke årsklassar i bestanden. Lodda er ein svært kortliva fisk, som døyr etter første gongs gyting; slik at bestanden berre består av 3-4 årsklassar samstundes. Den sterke 1999 årsklassen, som har dominert bestanden dei siste åra, er no borte, og både 2000-, 2001- og 2002-årsklassane er langt svakare.
· Gjennomsnittsvekta til fleire av aldersgruppene har gått ned i høve til i fjor og tidlegare år. Eittåringane veg t.d. berre 65% av langtidsgjennomsnittet, medan eittåringane i fjor låg over dette gjennomsnittet. Dette var uventa. Det vanlege er at når det kjem store årsklassar inn i bestanden så går veksten ned, medan årsklassar som ikkje er så talrike får betre individuell vekst.
· Den naturlege dødsraten, dvs. kor stor del av ein årsklasse som døyr av andre grunnar enn fiske, har auka sterkt. Dødsraten frå alder 1 til 2 år har t.d. meir enn dobla seg i år i høve til nivået dei føregåande 3-4 åra.

Til ein viss grad heng det tredje punktet saman med dei to første. Når bestanden minkar grunna dårleg rekruttering fleire år på rad, og veksten går ned, vil også den naturlege dødsraten auka som ein direkte følgje av dette. Rovdyra vil forsøka å ta ut eit gjeve kvantum lodde, og dette kvantumet vil utgjera ein større og større del av bestanden jo mindre han er i utgangspunktet. Same effekten vil nedgang i veksten ha; sidan dødsraten er rekna etter talet på individ som døyr, vil eit gjeve kvantum utgjera ein høgare og høgare dødsrate jo lågare middelvekta på fisken er. Denne effekten er ikkje stor nok til aleine å forklara den sterke auken i dødsrate. Det er vanskeleg å forklara kva som elles kan ha ført til denne auken, men gransking av mageinnhaldet for torsk så langt i 2003 samanlikna med 2002 viser ei kraftig auke i konsumet av lodde pr torsk.

Så kan ein spørje, korleis kan vi frikjenna fisket som ei mogeleg årsak til at bestanden kollapsar? Det har seg slik at så lenge det berre vert fiska på bestanden om vinteren, og berre på den delen av bestanden som er på veg til å gyta, så kan fisket ikkje medføra nedgang i bestanden på kort sikt. Sidan lodda dør etter gytinga, er det på ein måte ein 'ny' bestand som er grunnlaget for fisket kvart år. Vi hadde venta ein nedgang i bestanden ut frå dei målingane vi gjorde i fjor haust. Nedgangen vart mykje større enn vi venta. Men den modne lodda – som det vart fiska på – var ikkje med i reknestykket fordi den modne lodda som overlever fisket ikkje vil overleva til hausten under noko omstende.

Men sjølvsagt kan fisket påverka bestandsutviklinga på lengre sikt. Dersom ein tek ut for mykje av lodda i eit fiske før gytinga, vert det for få individ att til å produsera nok egg og yngel for å sikra neste generasjon. Eit slikt overfiske vil altså visa seg ved at det vert produsert små årsklassar, slik at bestanden etter kvart vert utarma. Men korleis kan vi då vera så sikre på at ikkje det er nettopp det som har skjedd, sidan vi no ser at årsklassane fødde i 2000, 2001 og 2002 er svake? Grunnen er at vi kvart år måler larveproduksjonen, som har halde seg høg også i dei siste åra, slik det går fram av figuren. Ut frå dette kan vi konkludera at det ikkje er mangel på gytelodde som er årsaka til den dårlege rekrutteringa til bestanden dei siste åra, det må derimot skuldast at ein svært stor del av larvene har døydd i løpet av første leveåret. Nett det same såg vi under dei to førre kollapsane i loddebestanden.

Når det ikkje er fisket som har ført til dagens låge loddebestand, kva kan det då vera? Her har vi enno ikkje noko sikkert svar. Den teorien vi festar mest lit til, er at det heng saman med sterke årsklassar av sild i Barentshavet. I perioden frå 1965 til 1982, då det ikkje fanst ungsild i Barentshavet, hadde loddebestanden ein 'glansperiode'. I 1983 kom den første talrike årsklassen av sild sidan slutten av 1950-åra inn i Barentshavet, og oppheldt seg der til våren 1986. I desse åra svikta rekrutteringa til loddebestanden. Frå 1986 til 1991 var det ikkje sild i Barentshavet, og i denne perioden vaks loddebestanden hurtig. Både 1991- og 1992-årsklassane av sild var talrike, og oppheldt seg i Barentshavet til 1995. Også denne gongen svikta lodderekrutteringa med bestandskollaps som resultat. Etter dette har vi hatt noko varierande sildemengder i Barentshavet frå år til år, og loddebestanden tok seg sakte opp til eit nivå der ein kunne gjenopna eit fiske i 1999. Etter dette har rekrutteringa av lodde igjen delvis svikta, samstundes som vi i haust kunne måla store mengder av 0-2 år gamal sild i Barentshavet. Dette er sikkert ikkje slumpetreff, men om samanhengen skuldast at loddelarvane (som er ein del av planktonet) vert regelrett beita ned av silda, om loddelarvane tapar kampen om føda når det er mykje småsild til stades, eller om det er andre, meir indirekte faktorar som slår ut loddelarvane i sildeår, er vi ikkje sikre på enno. Det er sjølvsagt også andre vilkår som må oppfyllast for at silda skal kunna påføra loddeyngelen høge dødsratar, mellom anna må desse artane opphalde seg på same staden i havet over lengre tid.

Men innverknaden frå silda kan ikkje forklara at nedgangen frå i fjor haust til i år vart mykje større enn venta. Det er naturleg å tenke seg at det har vore ein auke i beitinga på lodde frå torsk, sel eller andre artar. Predatorane på lodde har neppe auka sterkt i tal på eitt år (dei delane av torskebestanden som et lodde kan ha auka rundt 10-20%), men den geografiske overlappinga kan variera sterkt frå år til år ut frå endringar i oseanografiske og andre tilhøve. Som nemnt tydar magedataanalysar på at konsumet av lodde pr torsk auka kraftig frå 2002 til 2003, av alle aldersgrupper av lodde. Vårt overvakingssystem fangar berre delvis opp endringar i geografisk overlapp, og truleg må vi gjennomføra ei meir geografisk fullstendig overvaking også gjennom sommaren dersom vi ikkje skal bli overraska over sterkt auka dødsratar også ved eit seinare høve.

Det som synest sikkert, er at vi må finna oss i at loddebestanden fort skiftar mellom periodar der det er rikeleg lodde både til fiskarane og til dei som naturleg har denne vesle fisken som si viktigaste føde, nemleg torsken og somme sel-, kval- og sjøfugl-artar, og periodar der det ikkje er nok lodde til nokon. Forvaltarane si rolle vert i denne samanhengen å sjå til at ikkje eit for hardt fiske øydelegg høvet for lodda til å produsera sterke årsklassar når tilhøva ligg til rette for det. Det har ein greidd, i alle fall dei siste 15 åra, og det er difor ikkje rett å skulda på fiskarane når det no for tredje gong på 20 år ser ut til at lodda går nokre magre år i møte.