Hopp til hovedteksten
capelin_biomass.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Lodda i Barentshavet - nede for teljing

10.10.2003
På det norsk-russiske toktet i Barentshavet i haust målte ein berre 530 tusen tonn lodde, mot 2.21 millionar tonn året før. Ein slik brå nedgang i loddebestanden har ein observert tidlegare, både i 1984-1986 og i 1992-1994 minka loddebestanden brått.

capelin_biomass.jpg
På det norsk-russiske toktet i Barentshavet i haust målte ein berre 530 tusen tonn lodde, mot 2.21 millionar tonn året før. Ein slik brå nedgang i loddebestanden har ein observert tidlegare, både i 1984-1986 og i 1992-1994 minka loddebestanden brått. Det er grunn til å tru at slike kollaps i loddebestanden også har funne stad fleire gonger tidlegare.

Kronikk i Fiskeribladet 10.10.03
Harald Gjøsæter, Bjarte Bogstad og Sigurd Tjelmeland, Havforskingsinstituttet

På det norsk-russiske toktet i Barentshavet i haust målte ein berre 530 tusen tonn lodde, mot 2.21 millionar tonn året før. Ein slik brå nedgang i loddebestanden har ein observert tidlegare, både i 1984-1986 og i 1992-1994 minka loddebestanden brått.

Det er grunn til å tru at slike kollaps i loddebestanden også har funne stad fleire gonger tidlegare. Nedgangen skuldast tre faktorar:

  • Vekslinga mellom svake og sterke årsklassar i bestanden. Den sterke 1999 årsklassen, som har dominert bestanden dei siste åra, er no borte, og både 2000- 2001- og 2002-årsklassane er langt svakare.
  • Gjennomsnittsvekta til fleire av aldersgruppene har gått ned i høve til i fjor og tidlegare år. Eittåringane veg t.d. berre 65 % av langtidsgjennomsnittet, medan dei i fjor låg over dette gjennomsnittet. Dette var uventa.
  • Den naturlege dødsraten, dvs kor stor del av ein årsklasse som døyr av andre grunnar enn fiske, har auka sterkt. Dødsraten frå alder 1 til 2 år har t.d. meir enn dobla seg i år i høve til nivået dei føregåande 3-4 åra. Dette var også uventa.

Til ein viss grad heng det tredje punktet saman med dei to første. Når bestanden minkar grunna dårleg rekruttering fleire år på rad, og veksten går ned, vil også dødsraten auke som ein direkte følgje av dette. Rovdyra vil forsøke å ta ut eit gjeve kvantum lodde, og dette kvantumet vil utgjere ein større og større del av bestanden jo mindre han er i utgangspunktet. Same effekten vil nedgang i veksten ha; sidan dødsraten er rekna etter talet på individ som dør, vil eit gjeve kvantum utgjere ein høgare og høgare dødsrate jo lågare middelvekta på fisken er. Denne effekten er truleg ikkje stor nok til aleine å forklare den sterke nedgangen i bestanden.

Av andre moglege grunnar til nedgangen er det nærliggjande å tenke på auka beiting frå sel eller torsk. Desse artene har ikkje endra seg mykje i antal i løpet av det siste året, men den geografiske overlappinga - spesielt i sommarhalvåret - kan ha endra seg vesentleg, kanskje knytt til oseanografiske tilhøve. Her er det dessverre lite data å byggje på. Det vert ei utfordring å få ei betre forståing av desse svingingane i bestanden i framtida. Det krev både meir utfyllande innsamling av data og ein auka innsats for å nyttiggjere betre dei observasjonane vi alt har gjort.

No i haust målte ein på lag dobbelt så mykje loddeyngel som det langtidsgjennomsnittet viser. Samstundes tyder årets undersøkingar på at også silda kan få god rekruttering i år og at det er svært mykje eitt år gamal sild (2002-årsklassen) i Barentshavet. Erfaringane tilseier at dette ikkje lovar godt for loddebestanden. 2002-årsklassen av sild vil kunne ha negativ innverknad på rekrutteringa av lodde både i 2004 og 2005.

Kva ringverknader vil denne kollapsen i loddebestanden kunne føre med seg i økosystemet i Barentshavet?
Kollapsane i loddebestanden på 1980- og 1990-talet hadde store konsekvensar for dei rovdyra som beiter på lodde, spesielt for torsk og grønlandssel. Særleg under kollapsen på 1980-talet observerte ein at torsk og grønlandssel fekk lågare lengdevekst og seinare kjønnsmodning, og dyra vart magrare. Torsken la om dietten og beita i stor grad på mindre næringsrik mat som krepsdyr (krill og amfipodar), og beitinga på småtorsk auka også. Grønlandsselen la ut på næringsvandring sør- og vestover, og i 1987-1988 drukna minst 77000 sel i garn langs norskekysten. Sjøfugl som lever av lodde hadde særs låg hekkesuksess, og dødsraten for vaksen sjøfugl auka også.

Under den andre kollapsen i 1993-1995 var effekten på vekst og kjønnsmodning hos torsk mykje svakare, sjølv om torskebestanden var større i denne perioden enn i 1986-1988. Torsken gjekk i større grad over på anna fiskebytte, inkludert småtorsk, men hadde og tilsynelatande betre tilgang på lodde. I denne perioden var det heller ikkje nokon selinvasjon på norskekysten, og sjøfuglane greidde seg betre gjennom denne perioden.
Det er grunn til å tru at vi vil observere dei same typane av effektar denne gongen, men det er vanskeleg å seie om ringverknadene av denne loddekollapsen vil likne mest på det ein såg på slutten av 1980-talet eller midt på 1990-talet.

Lodde er det viktigaste matemnet for torsk i Barentshavet. Det einaste matemnet som kan måle seg med lodda i næringsinnhald og mengde, er silda. Dersom silda er eit viktig matemne og kan erstatte lodda i dei periodane lodda var borte, kan dette forklare noko av skilnadene mellom den første og andre loddekollapsen. Under den første kollapsen forsvann nemleg silda ut av Barentshavet første året kollapsen var eit faktum, fordi all denne silda var av 1983-årsklassen. Under den andre kollapsen var det fleire sterke sildeårsklassar involvert, først og fremst 1991- og 1992-årsklassane, og det var difor sild i Barentshavet også i delar av perioden då lodda var borte.

Sjølv om mengda sild i torskemagane auka under loddekollapsen kan ein ikkje seie at silda heilt eller delvis erstatta lodda. Materialet dette bygger på, er opp mot 200 000 torskemagar analyserte ved Havforskingsinstituttet og ved PINRO i Murmansk frå 1984 og til i dag. Russisk historisk materiale over analyserte viser at andelen torskemagar som inneheldt sild, var mykje høgare i mange år på 1950- og 1960-talet enn under loddekollapsa på 1980- og 1990-talet. Grunnen til denne skilnaden er ukjend. Moglege forklaringar er at det var meir ungsild i Barentshavet på 1950- og 1960-talet, at ungsilda i større grad overlappa med torsk, eller at ein større del av torskebestanden på 1950- og 1960-talet var stor torsk som i større grad er i stand til å ete sild.

Denne gongen ser det ut som om vi kan få relativt store sildemengder i Barentshavet fleire år frametter, og vi vil altså truleg få ein situasjon som liknar mest på den midt på 1990-talet. Det er i alle fall svært spanande å sjå korleis den loddekollapsen som no er i gang vil arte seg. Vert han kort eller lang? Vert det like lite lodde som i dei to førre kollapsane? Korleis vil effekten vere på dei ulike artane som lever av lodde? Korleis vil loddebestanden ta seg opp att, vert det i form av ein einaste, rekordstor årsklasse som i 1989, eller sakte men sikkert år for år, som i perioden 1996-1999?

Av dei to førre loddekollapsa har vi lært mykje om økosystemet i Barentshavet, men ikkje nok til å gi gode svar på desse spørsmåla.