Hopp til hovedteksten

Med nærare 750 tilsette er Havforskingsinstituttet det største marine forskingsmiljøet i Noreg.

Hovudansvaret vårt er å forske for å kunne gi råd til det offentlege om akvakultur og om økosystema i Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og den norske kystsona. Derfor er rundt halvparten av verksemda vår finansiert av Fiskeri- og kystdepartementet.

Havforskingsinstituttet har hovudkontor i Bergen, men viktige delar av aktivitetane føregår på avdelinga vår i Tromsø, på forskingsstasjonane i Matre, Austevoll og Flødevigen og på fartøya våre, som til saman er på havet over 1600 døgn i året. I tillegg leiger instituttet kommersielle fartøy med nærare 1000 toktdøgn i året.

Instituttet har òg ein stor bistandsretta aktivitet gjennom Fiskerifagleg senter for utviklingssamarbeid. Forsking og råd frå Havforskingsinstituttet skal vere med å leggje grunnlaget for at samfunnet også i framtida skal kunne hauste av dei store verdiane i havet og på kysten.

Havforskingsinstituttet har ansvar for drifta av fem store forskingsfartøy. Forskingsfartøya er dei viktigaste reiskapane for innsamling av data innan marine ressursar og miljø.

Møtereferat - 2006

Referat_NTK_og_NIP_8_juni_2006.doc

Last ned:

Referat_NTK_og_NIP_5_desember_2006.doc

Last ned: