Hopp til hovedteksten

Om Havforskingsinstituttet

Med nærare 700 tilsette er Havforskingsinstituttet det største marine forskingsmiljøet i Noreg. Hovudansvaret vårt er å forske for å kunne gi råd til det offentlege om akvakultur og om økosystema i Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og den norske kystsona. Derfor er rundt halvparten av verksemda vår finansiert av Fiskeri- og kystdepartementet.

Oversikt lokalitetarKlikk for stort bilde

Oversikt over våre lokaliteter (klikk på bildet for større versjon)


Havforskingsinstituttet har hovudkontor i Bergen, men viktige delar av aktivitetane føregår på avdelinga vår i Tromsø, på forskingsstasjonane i Matre, Austevoll og Flødevigen og på fartøya våre, som til saman er på havet over 1600 døgn i året. I tillegg leiger instituttet kommersielle fartøy med nærare 1000 toktdøgn i året.

Instituttet har òg ein stor bistandsretta aktivitet gjennom Fiskerifagleg senter for utviklingssamarbeid. Forsking og råd frå Havforskingsinstituttet skal vere med å leggje grunnlaget for at samfunnet også i framtida skal kunne hauste av dei store verdiane i havet og på kysten. Havforskingsinstituttet har ansvar for drifta av fem store forskingsfartøy. Forskingsfartøya er dei viktigaste reiskapane for innsamling av data innan marine ressursar og miljø.

Visjon

Kunnskap og råd for rike og reine hav- og kystområde.

Ambisjon

Vi skal være internasjonalt leiande innan marin forsking og rådgiving.

Verdiar

Alt vårt arbeid skal byggje på integritet, skaparglede, samspel og respekt.

Organisasjonen

Den faglige virksomheten ved Havforskningsinstituttet
 er organisert i:

  • faggrupper
  • forskningsprogram
  • Fiskerifaglig senter for utviklingssamarbeid

    Fartøyer og stasjoner er felles fasiliteter for det faglige arbeidet.
    Siktemålet er en organisasjon som er enhetlig og fagfokusert med korte kommunikasjonslinjer.

Partnere

Havforskningsinstituttet er partnere i to store klimainstitusjoner:
Framsenteret  (FRAM – Nordområdesenter for klima- og miljøforskning)
Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR)  - det største naturvitenskapelige klimasenteret i Norden)