Hopp til hovedteksten
Laboratoriebygget IMR
Utskriftsvennlig versjon

Kjemilaboratoriet

Overvaking av klima og miljø i havet har vore ei sentral oppgåve for Kjemilaboratoriet heilt frå det vart oppretta.

Her analyserer vi miljøprøvar for næringssalt og algebiomasse, radionuklider og organiske miljøgifter. I tillegg har vi eigne laboratorier for saltanalyser og bentiske undersøkingar.

Hovudlaboratoriet ligg i 2. etasje i tilbygget til ”Høgblokka” på Nordnes i Bergen. Laboratoriet omfattar eit stort felleslaboratorium og 20 spesialrom. Organisatorisk inngår laboratoriet i Avdeling for teknisk infrastruktur.

Kjemilaboratoriet utfører ei rekkje analysemetodar, i tillegg er laboratoriet akkreditert for:

  • PAH i biologisk materiale
  • PAH i sediment
  • THC (total hydrokarbon) i sediment
  • PCB og pesticider i biologisk materiale
  • Radioaktivt cesium i sediment og biologisk materiale
  • Cs-137 i sjøvatn
  • Nitritt, nitrat, fosfat og silikat i sjøvatn 

Kjemilaboratoriet følgjer Havforskingsinstituttet sin kvalitetspolitikk

 


Isologo_test166


Kjemilaboratoriet i Bergen tilfredsstiller kravene i NS-EN ISO/IEC 17025 (2005). Vi er et prøvingslaboratorium sertifisert av Norsk Akkreditering til kjemisk prøving (P12), samt radioaktivitet og ioniserende stråling (P22), under registreringsnummer. Test166. En liste over akkrediterte analyser er tilgjengelig på forespørsel.
Norsk Akkreditering
 





 

Overordnet målsetting

  • Kjemilaboratoriet skal utføre de kjemiske analysene som Havforskningsinstituttet har bruk for innen de tekniske, utstyrs- og personalmessige rammene som til enhver tid eksisterer.
  • Kjemilaboratoriet skal levere data av høy standard i den form som våre kundar krever, og skal ha et tett samarbeid med de forskerene som bruker laboratoriet.
  • Kjemilaboratoriet skal være akkreditert og drive kontinuerlig utvikling av kompetanse og metodikk.
     

Fagområda våre

Organisk kjemi
Laboratoriet har utstyr og kompetanse for kjemisk analyse av persistente organiske miljøgifter, oljekomponentar i sediment og biologisk materiale og lipidsamansetjing. Arbeidet inngår i overvaking av miljøtilstanden i norske kyst- og havområde. Vidare arbeider laboratoriet med studiar av biologisk påverknad frå framandstoff på marin fauna.

Uorganisk kjemi
Laboratoriet analyserer næringssalt, klorofyll og ei rekkje andre biogeokjemiske analyser av sjøvatn. Desse målingane utgjer ein viktig del av miljøovervakinga langs norskekysten og i havområda utanfor. Uorganisk kjemi analyserer også prøvar frå prosjekt som undersøkjer effekten av havforsuring og globale klimaendringar.

Radioaktivitet
Laboratoriet har utstyr og kompetanse for måling av radioaktiv forureining (gamma- og beta-emittere), isotop i tracersforsøk og blydatering. Laboratoriet inngår i norsk atomberedskap.

Saltlaboratoriet
Laboratoriet gjer svært nøyaktige målingar av salt i sjøvatn og kalibrerer alle sondemålingar i felt/på tokt.

Bentoslaboratoriet
Laboratoriet analyserer biologiske bentosprøvar frå ulike botnreiskapar. I hovudsak vert det gjort artsbestemming og mengdemålingar (vekt, mengd) av botnlevande dyr. Laboratoriet har stereomikroskop og biletanalyseutstyr for desse oppgåvene. I tillegg vert laboratoriet nytta til fiskesystematikk.

Zooplanktonlaboratoriet
Laboratoriet har utstyr og kompetanse til analyser innan taksonomi, modningsgrad, eggutvikling, biomasse, fordøyingsgrad og diett hos dyreplankton og fisk.
 

Kontaktpersoner

Ingrid Sværen
456 34 145