Oversikt lokalitetar

Om Havforskingsinstituttet

Med nærare 700 tilsette er Havforskingsinstituttet det største marine forskingsmiljøet i Noreg. Hovudansvaret vårt er å forske for å kunne gi råd til det offentlege om akvakultur og om økosystema i Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og den norske kystsona. Derfor er rundt halvparten av verksemda vår finansiert av Fiskeri- og kystdepartementet.

Havforskingsinstituttet har hovudkontor i Bergen, men viktige delar av aktivitetane føregår på avdelinga vår i Tromsø, på forskingsstasjonane i Matre, Austevoll og Flødevigen og på fartøya våre, som til saman er på havet over 1600 døgn i året. I tillegg leiger instituttet kommersielle fartøy med nærare 1000 toktdøgn i året.

Instituttet har òg ein stor bistandsretta aktivitet gjennom Fiskerifagleg senter for utviklingssamarbeid. Forsking og råd frå Havforskingsinstituttet skal vere med å leggje grunnlaget for at samfunnet også i framtida skal kunne hauste av dei store verdiane i havet og på kysten. Havforskingsinstituttet har ansvar for drifta av fem store forskingsfartøy. Forskingsfartøya er dei viktigaste reiskapane for innsamling av data innan marine ressursar og miljø.

Visjon

Kunnskap og råd for rike og reine hav- og kystområde.

Ambisjon

Vi skal være internasjonalt leiande innan marin forsking og rådgiving.

Verdiar

Alt vårt arbeid skal byggje på integritet, skaparglede, samspel og respekt.