Hopp til hovedteksten
Merking av makrell med RFID-teknologi
Lag med to til tre personar må til for å merka makrellen og få han raskt attende i sjøen. Rutinerte merkarar har sett merke i over 7000 makrellar på ein dag. Sjå heile prosessen forklart i biletserie nedst i saka.
Foto: Jostein Røttingen
Utskriftsvennlig versjon

RFID-merkt makrell med i kvoterådgjevinga for første gang

Merke-gjenfangst-metoden med automatisk identifisering (RFID) for makrell har vore i bruk i seks år, og over 300 000 makrellar er utstyrte med id-brikke i buken. I år er data frå denne tidsserien for første gang med i bestandsberekningane for makrellrådet.
 

Makrellen har ei økologisk nøkkelrolle i fleire kyst- og havområde i Nordaust-Atlanteren, og er den kommersielt mest verdfulle bestanden i Atlanterhavet. 29. september kjem kvoteråda for makrell og dei andre pelagiske bestandane.  

Betre datagrunnlag

Kunnskapsgrunnlaget og rådgivinga for makrellen var tidlegare karakterisert som mangelfull. Dei siste åra har spesielt Noreg satsa på storskala forsking og metodeutvikling for å sikra betre mengdemålingar. I tillegg til merke-gjenfangst-metoden med RFID-teknologi, har Havforskingsinstituttet (HI) også gått i bresjen for ein trålindeks i Norskehavet. Den vart inkludert i rådgivinga i 2014. Frå i år av er også RFID-teknologien med. I tillegg går eggtoktet, rekrutteringsindeksen og den avslutta tidsserien med stålmerke inn i bestandsberekningane.   

– Til saman gjev desse tidseriane oss eit langt betre grunnlag for å vurdera storleiken på makrellbestanden og gje berekraftige råd, seier Aril Slotte. Han leiar faggruppe pelagisk fisk på Havforskingsinstituttet, og har vore sentral i utviklinga av RFID-metodikken.

Ny teknologi styrkar rådgjevinga

Sidan 2011 er over 300 000 makrellar merkte elektronisk og sleppt ut igjen i havet (sjå heile merkeprosessen i biletserie nedst i saka). På årets makrellmerkingstokt nådde mannskapet å merka over 56 000 makrellar. Det er ny toktrekord. 
Tidlegare blei det brukt stålmerke som måtte takast ut av fisken. I dag passerer fisken under ein RFID-lesar som registrerer data frå merket og automatisk overfører dei til ein database på HI.

– Denne metoden er eit godt døme på korleis ny teknologi i kombinasjon med tradisjonelt feltarbeid styrkar rådgjevinga vår. Vi sparar mykje tid sidan merka vert lesne automatisk, og data blir tilgjengelege for forskarane med ein gong, seier Aril Slotte, som opplyser at metoden no også er i bruk for nvg-sild. For å dekkja landingane av sild, skal det installerast RFID-lesarar på ni nye anlegg i Noreg.

Vellukka nærings- og forskingssamarbeid

Fiskeri- og Havbruksnæringens forskningsfond har betalt for utviklinga av RFID-teknologien og Sildelaget for utplasseringa av lesarar på fiskemottak. Aril Slotte er særs nøgd med samarbeidet. 

– I dette prosjektet har næringa vore med på å betre rådgivingsgrunnlaget vårt. Dei deltek på merketokta våre med fartøya sine og er med på  fangst og merking av fisk. Når fisken vert landa, er mottaka viktige. Vi får installere desse systema, og på mottaka følgjer dei opp med å samla inn prøvar av fisken som passerer antennene. 

Merke-gjenfangst med RFID

• RFID står for radiofrekvens-identifikasjon 
• 313 609 makrellar er merkte sidan oppstarten i 2011 –  i snitt 44 801 makrellar årleg
• Rekorden er 7076 makrellar på ein dag
• 300 000 tonn makrell blir skanna årleg på fiskemottak med RFID-lesarar
• Det er åtte slike mottak langs norskekysten, fire i Skottland, eitt på Færøyane og tre på Island
• Data frå merket blir registrert og automatisk lagra i ein database på Havforskingsinstituttet
• RFID-merket inneheld årstal, eksperimentnummer, utsleppnummer, dato, klokkeslett, posisjon, vêrforhold, mengda av havsule, lengda på fisken og namnet på dei som har merkt makrellen
• Informasjon om all den merkte fisken, den som er skanna og den som er gjenfanga går inn i bestandsberekningane for makrellbestanden
 
 

«Gamal» metode for bestandsberekning

Merke-gjenfangst-metoden blir ofte tenkt på som eit mål på vandring – men det er faktisk ein av dei eldste metodane vi har for bestandsberekning. Tidlegare vart det nytta stålmerke, som måtte takast ut av makrellen manuelt.
Forskarane tek høgd for ein viss merkedødelighet, men legg elles til grunn at den merkte fisken i hovudsak overlever like bra som fisk som ikkje er merkt. Ut frå gitte tal på merkt, skanna og gjenfanga fisk, så kan dei berekna bestandsstorleiken i utsettingsåret.
 

Kontaktpersoner

Aril Slotte
995 19 782