Hopp til hovedteksten
merkehummar2
Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Fangar Bjørnafjord-hummaren på papir

– Både fiskarar og forskarar kan føle at hummaren er slik eller sånn, eller at den teina fiska betre enn den. Ofte fortel data ei anna historie, seier Eva Farestveit etter 25 år med hummarmerking i Bjørnafjorden.

På starten av 1990-talet fekk HI tips frå ein fiskar som fekk mykje liten hummar i ålerusene sine. Dette kunne tyde på at fiskeplassane hans var gode oppvekstområde.
 
Havforskingsinstituttet gjekk i gang med å måle og merke hummaren der. Sidan har dataa frå Bjørnafjorden blitt ein solid tidsserie som kan fortelje om hummarbestanden.
 
– Det er kjensler og mange meiningar rundt mange artar i sjøen. Når det gjeld hummar, vil du for eksempel finne like mange teoriar om kva agn som er best som vi har kystsamfunn, seier Eva Farestveit.
baat

Eva Farestveit og Ole Ingar Paulsen har jobba med hummaren i Bjørnafjorden sidan 1992.

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
 
– I løpet av merkeprosjektet, har eg ofte følt at den eine teinetypa fiskar betre enn den andre. Men så har data vist at det ikkje er nokon skilnad. Derfor er det viktig å få dette ned svart på kvitt, seier ho.
 

Tar «genføter» av humrane

For å sikre seg informasjon om genetikken til Bjørnafjord-hummaren, tar forskarane ein «genfot». Eit forsiktig snitt i ein av føtene til hummaren, gjer at han slepp foten. Dette er ein naturleg forsvarsmekanisme og foten veks ut att.
 
– Vi legg foten på sprit og dokumenterer DNA-et. Om vi gjenfangar hummaren, kan lengda på den nyutvaksne foten fortelje oss om hummaren har skifta skal sidan sist. Etter to skalskifte vil foten vere like lang som dei andre, fortel Farestveit.
augekontakt2
Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
 
Heilt sidan starten har forskarane kartlagt genetikken til humrane. Dermed kan dei bruke kunnskap frå området som referanse i andre prosjekt.

Avkrefta forandringar i genmaterialet

I eit anna prosjekt, denne gongen på Kvitsøy, sette HI ut 120.000 hummaryngel frå eit avgrensa tal stamhummar. Dette kan føre til endringar i det lokale genmaterialet. Men forskarane kunne avkrefte at dette var skjedd ved å samanlikne med genvariasjonen dei har samla inn i Bjørnafjorden. Dataa fungerte som eit referanseområde for hummargenar.
I Bjørnafjorden har over tusen hummar fått eit lite plastmerke med nummer på. Forskarane får mange henvendingar frå lokale hummarfiskar som rapporterer om merke dei får i fangstane sine.
 
– Vi har heile tida hatt god kontakt med lokalbefolkninga. Det er viktig i langvarige prosjekt. Då får vi betre data, og folk veit kven vi er som driv på med det som kan verke som mistenkeleg hummarfiske utanom sesongen, fortel Farestveit. Ho presiserer at instituttet har tillating og kontakt med lensmann. 
hummar2

Etter måling og merking, blir hummaren sleppt ut igjen på same staden han gjekk i teina.

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Har spora vandringsmønsteret i vinter

Nummermerket dett ikkje av når humrane skiftar skal. Men i tillegg til dette har nokre humrar hatt eit akustisk merke festa til kloa sidan i fjor. Ei rekke lyttebøyer har spora humrane sine vandringar i vinter. Når hummaren skiftar skal, fell det akustiske merket av.
 
– Dataa er ikkje ferdig analyserte, men vi er spente på resultatet. Eg trur hummaren vil vise seg å vere ganske stadbunden, ettersom ein stor del av fangsten vår er gjenfangst, fortel Eva Farestveit.
 
– Men igjen, éin ting er kva du føler, ein annan er kva dataa fortel.

Hummarforsking tar tid

Forskarane held no på å samanfatte data frå prosjektet og skal sjå etter interessante trendar i den omfattande kartlegginga. Ved teinetrekking denne veka var 27 av 42 humrar under minstemålet.
 
– Hummaren veks seint, så det at vi akkurat i dag ser ein del liten hummar, kan teoretisk sett vere ein effekt av påbodet om fluktopningar og freding av rognhummar som kom i 2008. Vi får sjå, avsluttar Eva Farestveit. 
rognhummar2

I 2008 kom forbodet mot å fiske rognhummar.

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet