Hopp til hovedteksten
Deep Vision
Foto: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

«Dr. Fridtjof Nansen» får høgteknologisk fotograferingssystem

Havforskingsinstituttet investerer vel tre millioner kroner i fotograferingssystemet Deep Vision, som gjenkjenner og tar mål av fiskeartane som passerer gjennom trålen. Blant anna får forskingsskipet «Dr. Fridtjof Nansen» sin eigen fotoboks til kartlegging av marine ressursar på sørlege breiddegrader.

– Etter mange års teknologiutvikling og testing i felt er Deep Vision godt tilpassa våre behov. Dette innkjøpet kompletterer utstyret vi alt har tatt i bruk her heime. I tillegg får «Dr. Fridtjof Nansen» også sitt eige Deep Vision-system, fortel forskingsdirektør Geir Huse på Havforskingsinstituttet (HI).          

Heilautomatisk fangstanalyse

Deep Vision er resultat av eit fleirårig samarbeid mellom Bergens-verksemda Scantrol Deep Vision og CRISP – senter for miljøvenleg fangst på HI.
Det avanserte kamerasystemet tek bilete av alt som passerer gjennom trålen, og kan nyttast til å artsbestemma og lengdemåla fangsten. Deep Vision registrerer også kvar fisken oppheld seg i vassøyla når han vert fanga. All informasjonen vert vidaresendt digitalt. Teknologien vann miljøprisen på fiskerimessa NorFishing i 2016.

Effektivt og berekraftig

– Med Deep Vision får vi høgare kvalitet på toktdata som går inn i bestandsestimeringane våre. Vi kan verifisera med bilete det vi ser på ekkoloddet. Det kan i sin tur gje sikrare kvoteråd. Dessutan vil denne teknologien på sikt kunne endre prøvetakinga. Det blir behov for mindre fangstar, og vi kan velja ut prøvar meir selektivt ved å opne og lukke trålsekken. Når vi ikkje behøver å ta så mykje fisk om bord, blir tokta våre både meir effektive og meir berekraftige, seier Geir Huse, som nett har signert innkjøpsavtalen med Scantrol. 

Kommersielt interessant

I norske farvatn kjem HI i første omgang til å bruka Deep Vision på akustiske mengdemålingstokt i Norskehavet.

– Deep Vision er eit godt eksempel på vellukka samarbeid mellom forsking og næringsliv. Det er vel 100 forskingsskip i verda som kan ha nytte av dette utstyret. På sikt kan teknologien også takast i bruk av kommersielle fiskefartøy, seier Geir Huse.     


   

Kontaktpersoner

Geir Huse
412 83 841