Hopp til hovedteksten
nytobis
Utskriftsvennlig versjon

Råder frå oljeboring på Vikingbanken

Havforskingsinstituttet meiner at det ikkje bør opnast for oljeboring på Vikingbanken. I sum kan oljeboring her medføra dårlegare miljøtilstand og auka miljørisiko for den sårbare og verdifulle tobispopulasjonen som lever på banken.

Rådet er gjeve i høyringsrunden etter at Statoil søkte om løyve til boring på  Vikingbanken som ligg vel 100 kilometer vest for Øygarden i Hordaland. Miljødirektoratet har nyleg godkjent søknaden.

Kan hindra gjenoppbygging

Tobis er ein nøkkelart for økosystemet i Nordsjøen. Etter ein alvorleg tilbakegang i norsk sone av Nordsjøen på 2000-talet, har forskarane og forvaltinga dei siste sju åra arbeidd systematisk for å byggja opp igjen tobisbestanden. Det er tatt i bruk områdebasert rådgiving og vekselbruk i fiskeria.

– Den omsøkte borelokasjonen ligg i eit tobisfelt som er definert som særleg verdifullt og sårbart. Vi meiner at oljeboring her medfører ein risiko for tobisbestanden i dette området. I neste omgang reduserer det sjansane for at vi når forvaltingsmålet om å byggja opp att tobisbestanden, seier Henning Wehde, som er leiar for program Norskehavet på Havforskingsinstituttet.  

Fiskeriet har minka kraftig

Eldre tobis ligg nedgraven i sanden heile vinterhalvåret med unntak av ein kort gyteperiode i januar og desember. Tobis legg egga på havbotnen, og etter klekkinga driftar larvene i vassmassane. I mai–juni grev også larvane seg ned i sanden om natta. Danmark og Noreg dominerer i tobisfiskeriet, og fram mot 2002 låg landingane i snitt på 815 000 tonn. Sidan har dei vore markant lågare.
For 2017 er kvoterådet på 486 115 i EU-farvatn og 120 000 tonn i norsk sone. Vikingbanken er stengt for tobisfiske.