Hopp til hovedteksten
Spekkhoggarar
Spekkhoggarar og knølkvalar følgjer etter dei store sildestimane inn i fjordane i Troms. Der er det også sildefiske, og det aukar sjansen for at kvalane set seg fast i fiskereiskapar. Spekkhoggarane på bildet er fotograferte i Norskehavet.
Utskriftsvennlig versjon

Økt bifangst av kval i sildesesongen

Dei siste åra har det vore eit stort sildeinnsig i fjordane i Troms, og fiskeriet etter sild har vore intensivt. Knølkval og spekkhoggarar følgjer etter silda, og fleire kvalar har gått seg fast i fiskereiskapar.

Det var i 2012 det byrja å koma store mengder sild inn i fjordane utanfor Tromsø. Innsiget var også stort dei påfølgjande åra. I inneverande sesong har silda bevega seg nordover, og oppheld seg no rundt Skjervøy og i Kvænangen i Nord-Troms.

Meir aktivitet aukar risikoen

– Parallelt med at vi har sett så mykje sild, har det også vore ein markant auke i talet på stor kval som knølkval, men også spekkhoggarar – som har sett seg fast i fiskereiskapar. Kvalen går der silda er, og der det er sild er det høg fiskeriaktivitet. Dermed aukar risikoen for at kvalen går i nøter, garn og andre fiskereiskapar. Med all aktiviteten er det også større merksemd rundt slike hendingar, fortel forskar Kathrine A. Ryeng på Havforskingsinstituttet. Ho er veterinær, og jobbar med dyrevelferd hos sjøpattedyr. Kathrine A. Ryeng har vore pådrivar for å få arrangert kurs for Kystvakten. Saman med Fiskeridirektoratets eige operative personell, er Kystvakten no kursa i korleis dei raskare og tryggare kan redda kvalar som har sett seg fast. 

Spekkhoggar i sildenot

På eit av HIs sildemerketokt som for tida pågår i Reisafjorden i Troms, kom det ein spekkhoggar inn i sildenota. Nota vart opna for at kvalen skulle symja ut, men han snudde i opninga og forsvann ned att i nota. Det vart antatt at spekkhoggaren hadde gått gjennom nota ein annan stad og svømt ut, men det viste seg å vera feil.

– Det vart følgt riktig prosedyre om bord, nota vart opna då dei oppdaga kvalen. Kvalen var ikkje svømt ut, slik det først såg ut som, men hadde vikla seg inn nedst i nota og døydd, forklarar Kathrine A. Ryeng.

– Det er sjølvsagt uheldig når slikt skjer, men vi kan ikkje garantera oss hundre prosent mot uhell. Førebygging er viktig – at nota vert sjekka for kval. Kvalen skal prioriterast i slike tilfelle, fortel ho.

Strengare regelverk i USA

USA skjerpar krava til dokumentasjon og førebygging av bifangst av sjøpattedyr når det gjeld import av fisk og fiskeprodukt. Det nye regelverket trer i kraft i 2022, og gjer at USA kan innføra importrestriksjonar overfor land som ikkje tilfredsstiller dei nye krava. På bestilling frå Nærings- og fiskeridepartementet har Havforskingsinstituttet laga eit notat om status for bifangst av sjøpattedyr i norske fiskeri (sjå heile notatet i faktaboks). Der heiter det at bifangst av steinkobbe, havert og nise er mest vanleg i våre fiskeri. I tillegg registrerte Fiskeridirektoratet og Kystvakten i førre sesong sju tilfelle der knølkval hadde gått seg fast i fiskereiskapar, og 13 tilfelle der spekkhoggarar hadde blitt fanga i sildenøtene under vintersildfisket i fjordane i Troms. Bifangst av stor kval er betydeleg underrapportert, då mange tilfelle ikkje blir oppdaga.

Påliteleg dokumentasjon og førebygging

I notatet heiter det at Noreg har gode estimat på bifangsten av nise, men at tala for havert og steinkobbe ikkje er tilfredsstillande. Det vert også lista opp generelle tiltak – som overvaking av bestandane, fangstrapportering og observatørprogram – som skal sikra påliteleg informasjon om dei faktiske nivå på bifangstane. Notatet drøftar også aktuelle tiltak for å redusera bifangstane.