Hopp til hovedteksten
Marsmoete2017_nett_16x9.jpg
Det årlege møtet mellom norske og russiske havforskarar blei gjennomført i Murmansk i førre veke. Nesten 40 forskarar deltok.
Utskriftsvennlig versjon

Skal markere 60 år med forskingssamarbeid

Til neste år er det 60 år sidan dagens norsk-russiske havforskarsamarbeid kom i gang. Det skal markerast både i Noreg og Russland. Før helga blei norske og russiske havforskarar einige om korleis dei skal samarbeide i året som kjem.

Det årlege norsk-russiske havforskarmøtet blei avvikla i Murmansk i førre veke, og møtet munna som vanleg ut med at delegasjonsleiarane underteikna protokollen som lister opp kva forskarane skal arbeide saman om i året som kjem.

Toktsamarbeid og metodikk

– Protokollen fortel om kva for tokt vi skal samarbeide om i året som kjem, korleis Havforskingsinstituttet og søsterinstituttet Pinro i Murmansk skal utveksle informasjon og data, korleis ulike faggrupper innanfor institutta skal samarbeide og korleis vi i samarbeid skal vidareutvikle forskingsmetodane våre.

 

Marsmoete2017_protokoll_nett.jpg

Frå venstre: Forskingsdirektørane Geir Huse (HI) og Jevgenij Sjamraj (Pinro) har underteikna protokollen etter årets norsk-russiske havforskarmøte.

Foto: Gunnar Sætra

 

60 med samarbeid

I februar 1958 vitja det sovjetiske forskingsskipet «Sevastopol» Bergen, og i den samanheng blei det arrangert eit møte mellom norske og sovjetiske havforskarar.

– Norske havforskarar var på gjenvisitt i Murmansk i august 1958. Til neste år kan vi dermed skilte med eit samarbeid som har gått føre seg i 60 år. Det ønsker vi å markere, både i Noreg og Russland. I Noreg kjem det til å skje i samband med at Havforskingsinstituttet skal arrangere det årlege havforskarmøtet i mars neste år. I juni neste år skal det arrangerast eit norsk-russisk havforskarsymposium i Murmansk, noko som også gjer det mogleg å markere 60-årsjubiléet.

 

Pinrobesøk i 1958
Norske havforskarar vitja Murmansk i august 1958. I februar same år hadde russiske havforskarar møtt norske kollegaer i Bergen. (Arkivfoto)

Kontaktpersoner

Geir Huse
412 83 841
Gunnar Sætra
916 11 414