Hopp til hovedteksten
MX0B3819.jpg
Toktleiar Tina Kutti filmar havbotnen med sledekamera i bestemte linjer på kartet. Opptaka går på ein skjerm inne i "Hans Brattström" og blir også lagra.
Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Fann lite oksygen i tidlegare gruvedeponi

– Vi finn så godt som null oksygen to centimeter ned i havbotnen. 30 år etter gruvedeponeringa tok slutt, er dette overraskande, seier havforskar Tina Kutti på tokt i Jøssingfjorden.

MX0B3892.jpg

Havforskar Raymond Bannister tar imot havbotnen frå Dyngadjupet.

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
Til 1984 var fjorden heilt sør i Rogaland brukt som gruvedeponi. No, 33 år seinare, vil forskarar frå Havforskingsinstituttet og Universitetet i Bergen sjå om han har henta seg inn igjen.
 
Med ein kjernehentar tar forskarane opp sylindrar av sediment frå havbotnen. Fortløpande analyserer dei dyrelivet i sedimentet og måler oksygeninnhaldet nedover i søyla. I alt tar dei opp prøver frå seks stasjonar for å få eit representativt utval. Fire av stasjonane er brukt før av andre forskingsaktørar. 

Dyrelivet er einfaldig

– I sedimenta frå ein normal fjordbotn lever det typisk fleire ulike artar. Her finn vi berre slangestjerner. Når éin art dominerer, er ikkje forholda som dei skal, seier toktleiar Kutti.
 
Jøssingfjorden er 2,5 kilometer lang. Han minner dermed meir om ei lang bukt enn ein typisk fjord. Frå 1960 til 1984 var han deponistad for gruveavgang. Dyngadjupet, like utanfor fjordmunningen, var deponistad frå 1984 til 1994.
 

Same tilstand i to deponi

MX0B3900.jpg

Når sedimentprøvene kjem opp, må forskarane vere raske med å hente dei, slik at vatnet ikkje siv ut.

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
Prøvene av havbotnen frå både Jøssingfjord og Dyngadjupet viser det same låge oksygeninnhaldet som gjer havbotnen vanskeleg å leve i. Forskarane har også med seg undervasskamera som dei sleper over sju transsekter, linjer på kartet. Bilda gir eit meir blanda inntrykk: 
 
– Vi ser bakterimatter, felt av bakteriar på botnen. Dei lever av sulfid og metan som lek ut av sedimenta, fortel geobiolog Ingunn Thorseth frå UiB.
 
– Samtidig er oksygennivået i sjølve sjøvatnet høgt nok til å halde liv i dyr som fisk, krabbe og sjøfjær, som vi ser sporadisk. Det er altså ein brå overgang frå sjøvatnet, der dyr kan leve, og ned i sjølve havbotnen til null oksygen, seier Tina Kutti.
 

Naturleg havbotn treng generasjonar

MX0B3857.jpg

Geobiolog Ingunn Thorseth (UiB) gjer seg klar til å måle oksygenninnhaldet.

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
Ho hadde ikkje venta at Jøssingfjord skulle sjå slik ut 30 år etter deponeringa. Kollega Ingunn Thorseth har vore på tokt i fjorden tidlegare og er ikkje like overraska. Geobiologen fortel at det vil ta fleire generasjonar før det bygger seg opp eit nytt, naturleg sedimentlag på botnen.
 
– Det er viktig at vi studerer denne fjorden for å få meir kunnskap om kva som skjer i avgangsmasse og korleis naturen hentar seg inn over tid. Særleg når vi diskuterer nye deponi i framtida. Når vi ser korleis det ser ut her, er det tydeleg at vi har mykje å lære, slår Tina Kutti fast.
 
I etterkant av toktet kjem forskarane til å gjere grundige analyser av dyrelivet i prøvene, og også kjemiske analyser av sedimenta. Sidan dei har lite tidlegare data frå Jøssingfjord, blir dette toktet eit grunnlag for meir forsking der i framtida.
 
MX0B3863.jpg

Toktleiar Tina Kutti og matros Kristen Olai Fjeldstad ved spakene.

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Fakta om gruveavfall

Norge er et av få land i verden som fortsatt tillater dumping av gruveavfall i sjøen. Dumping av millioner av tonn med sand og finmasser fører til utradering av økosystemet ved bunnen i det umiddelbare nærområdet. Finpartiklet avfall kan spres med strømmen og påvirke et mye større område. Noen av kjemikaliene som slippes ut med gruveavfallet er til dels svært giftige. Kjemikaliene brukes både i utvinningsprosessen og i et forsøk på å binde mest mulig av finpartiklene slik at spredningen i fjorden begrenses. I tillegg kan fjordsystemene belastes med tungmetaller som finnes i det oppmalte berget som går ut i sjøen. Erfaringer viser at det er vanskelig å begrense området som påvirkes av gruvedumping. Dette forhindrer ikke at stadig flere gruver kysten rundt søker om å få bruke fjordene som avfallsplass. 
 

Gruveavfall

Kontaktpersoner

Tina Kutti
489 42 193