Hopp til hovedteksten
Mette Skern-Mauritzen i studio i NRK Troms
Mette Skern-Mauritzen fortel om klimaendringar i Arktis til programleiar Pia Tøhaug, direkte i morgonssendinga til NRK Troms måndag morgon.
Utskriftsvennlig versjon

Varmare hav endrar dei arktiske økosystema

Temperaturen i havområda i Arktis stig, og utviklinga går svært fort. Det får konsekvensar for livet i havet – og måten havforskarane bør jobbe på.

– Vi har aldri før vore i den situasjonen som vi er i no, seier forskingssjef Mette Skern-Mauritzen ved HI.

Ho er ansvarleg for ei forskingsgruppe der målet er å få ei samla oversikt over kva konsekvensar oppvarminga av havet får for økosystema i nord.

– Når vi ser på endringane dei siste 15 åra, ser vi at utviklinga har gått utruleg fort.

Store utfordringar

Når temperaturen stig, trekk artar nordover. Dei varmekjære artane breier seg stadig utover større område, og dei aukar i talet. Det gjeld eksempelvis torsk, forklarar Skern-Mauritzen.

– Samstundes vert levekåra vanskelegare for dei arktiske artane, som typisk er små fiskar som lever nært botnen. Dei må trekke stadig lengre nordover, fordi havområda rett og slett blir for varme for dei.

– Vi treng ei felles forståing

Når endringane skjer så fort, er det vanskeleg å spå korleis framtida vil bli. Skern-Mauritzen er opptatt av at ein må få eit breiast mogleg bilete – ein må forstå korleis alt heng saman, ikkje berre sjå på enkelte detaljar. 

– Temperaturstiginga i havet får så omfattande konsekvensar i økosystema at behovet for at forskarar samarbeider er større no enn før, på tvers av fagfelt.

 

Sol i Vestisen

Sol over Vestisen. Kva som vil skje med livet under isen når havet vert varmare, er det store spørsmålet forskarane stiller seg.

Foto: Gunnar Sætra/Havforskingsinstituttet

 

Men det er ikkje berre forskarane som må samarbeida meir. Det gjeld også neste ledd, forvaltinga.

– Det er viktig at også dei som bestemmer korleis nyttar ressursane i havet, er godt informert om utviklinga. Det gjeld innafor all aktivitet i nordområda; frå petroleumsverksemd i nordområda, til kvoter for ulike fiskeslag.

– Difor er det viktig at vi som forskarar jobbar både presist og effektivt, og at vi held forvaltinga oppdatert, seier Skern-Mauritzen.

– Klimaendringane vil bety noko for oss alle.

Internasjonalt forskartreff i Tromsø

Denne veka går ESSAS internasjonale konferanse for arktisk forsking av stabelen i Tromsø. Dette er nettopp ein møteplass for forskarar frå heile verda – og ei rekke ulike disipliner.

I Tromsø står tema som klimaendringar, økosystem og dyreliv i Arktis på plakaten. Måndag morgon opna Skern-Mauritzen konferansen med å setja behovet for samarbeid øvst på agendaen.

– No ser eg fram til ei veka der vi kan læra av kvarandre, og diskutera dei store utfordringane vi står overfor i Arktis, avsluttar ho.

Kontaktpersoner

Mette Mauritzen
924 62 615