Hopp til hovedteksten
Samling med fagleg råd på Austevoll
Fagleg råd har medlemmer frå heile verda. Leiargruppa, programleiarar og eit par faggruppeleiarar frå HI var også med då rådet møttest for første gong.
Foto: Eric Clement
Utskriftsvennlig versjon

Fagleg råd gav ny glød

–  Ei storarta oppleving som har gjeve oss ny glød. Det er heilt fantastisk at vi får ha nokre av verdas beste forskarar til rådvelde tre dagar til ende, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne, som var vert då Havforskingsinstituttets faglege råd var samla for første gong. 

Det faglege rådet tel ti medlemmer, og er sett saman av verdsleiande ekspertar på akvakultur, fiskeri og andre relevante fagfelt. Rådet skal gje Havforskingsinstituttet råd om utvikling, oppgåver og rammer. 

Gode innspel til ny strategi

– Dei har raust delt kunnskap og erfaringar med oss. Vi tar med oss gode innspel og ny glød i det vidare arbeidet med strategiplan for Havforskingsinstituttet, seier Sissel Rogne.
Samlinga fann stad i dei rette marine omgjevnadene på Bekkjarvik Gjestgiveri. Det vart også høve til ein snarvisitt innom Forskingsstasjonen Austevoll. Tilbake på Bekkjarvik fekk rådet eit innblikk i instituttet, overvakinga, kartlegginga og dei rådgjevande programma. Leiargruppa og eit knippe programleiarar og faggruppeleiarar tok seg av desse presentasjonane.

Fagleg råd

Fagleg råd skal levera ein årleg rapport til instituttet og Nærings- og Fiskeridepartementet. Dei hadde si første samling i Austevoll.

Foto: Eric Clement

Det er Nærings- og fiskeridepartementet som har utnemd rådet, som skal levera ein årleg rapport til departementet og instituttet.Forutan dei to nordmennene Jarl Giske (UiB) og Nils Christian Stenseth (UiO), kjem rådsmedlemmene frå USA, Nederland, Danmark, Italia, Storbritannia og Tyskland. Danske Poul Degnbol er leiar for rådet.

 


 


 

 

Havforskingsinstituttets fagleg råd:

James G. Bellingham - Center for Marine Robotics, Woods Hole Oceanographic Institution, USA
Manuel Barange - UN Food and Agriculture Organization, Italia
Poul Degnbol - Aalborg University, Danmark
Jarl Giske - University of Bergen, Noreg
Ray Hilborn - University of Washington, Seattle, USA
Pauline Kamermans - IMARES, Nederland
Jason Link - NOAA Fisheries, USA
Karen Lochte - Alfred Wegner Institute, Tyskland
Tara Marshall - University of Aberdeen, Storbritannia
Nils Christian Stenseth - Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis, University of Oslo, Noreg
Katrin Vorkamp - Aarshus University, Danmark