Hopp til hovedteksten
Bistandsuksess i Sudan
Sudanske havforskarar i aksjon. I fem år har Havforskingsinstituttet samarbeida med sudanske havforskarar- og styresmakter.
Foto: Erik Olsen, Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Bistandssuksess frå HI blir presentert i FN

Norske havforskarar har vore med på å skape ei berekraftig fiskeriforvalting i Sudan. Forskingssjef Erik Olsen skal presentere resultata på FNs havkonferanse i New York – og han er ganske spent.

I fem år har norske havforskarar hjelpt sudanske styresmakter med å byggja opp ei solid fiskeriforvalting.
Gjennom innsamling av fangstdata, omfattande forskingstokt langs Sudans kystline og grundig opplæring av sudanske forskarar, har bistandsprosjektet gitt lovande resultat.


–  Blir ein mal for framtidige prosjekt


– Sudanarane gjennomfører no datainnsamlinga på eiga hand. Der vi i den spede starten i 2012 måtte gjera heile jobben medan sudanarane observerte, er dette no snudd på hovudet. No gjer dei sudanske forskarane heile jobben sjølv, fortel Erik Olsen.
 – Dette viser at vi har bygd kompetanse og rutinar, der vi har komme eit godt stykke på veg med at Sudan på sikt kan forvalta dei marine ressursane sine sjølve, på ein berekraftig måte.


No kan forskingssjef Erik Olsen stolt presentere jobben som har blitt gjort, på FNs havkonferanse, som ein mal på korleis ein kan gjennomføre tilsvarande prosjekt i kystområde i andre utviklingsland.
– Det blir spennande å få presentere dette ein så stor og viktig FN-konferanse. Her er det gode moglegheiter for å bli høyrt av topp-politikarar frå heile verda.

Sissel Rogne sender Erik Olsen avgårde

Havforskningsdirektør Sissel Rogne sender stolt forskningssjef Erik Olsen til FN-konferansen i New York.

Foto: Erlend Astad Lorentzen


HI-direktøren: Vårt arbeid er internasjonalt


FN har sett seg 17 hovudmål for å skapa ei berekraftig framtid. Måla gjeld for perioden 2015-2030.
Mellom 5.-9. juni er det mål nr. 14 som er i fokus: målet om sunne, reine hav.
Havforskingsdirektør Sissel Rogne er stolt over at bistandsprosjektet til HI blir presentert på den store FN-konferansen i The Big Apple.
- Tenk at vi kan sende ein av våre dyktige forskarar til ein slik arena, seier Rogne.
Ho minner om at rolla til HI ikkje berre er å vere eit nasjonalt institutt – men at fiskeriforvalting er eit internasjonalt ansvar.
– Og det er eit ansvar vi absolutt tek på oss.

LES OGSÅ: Hva havet har lært oss - Sissel Rogne


HI, NIFES og UiB løftar i lag


Det norske forskingsmiljøet stiller sterkt på den internasjonale konferansen. I tillegg til Havforskingsinstituttet er også Universitetet i Bergen og NIFES bidragsytarar. UiB vil mellom anna arbeide for eit styrka samarbeid mellom Noreg og land i Stillehavet.


Dei tre institusjonane spelar kvarandre gode, meiner marin dekan ved UiB, professor Jarl Giske.
– Vi utfyller kvarandre, fordi HI og NIFES kombinerer forsking og forvalting, medan vi på universitetet kombinerer forsking og utdanning, seier Giske.

Jarl_Giske_2017.jpg
Foto: Universitetet i Bergen


Eit døme på det tette samarbeidet er forskingsprosjektet i Sør-Afrika, der både UiB, HI, Nansensenteret og fleire sørafrikanske forskingsmiljø bidreg. Her bidreg HI med tilgang til Nansen-programmet, og UiB bidreg med tilgang til utdanning.
 
 

Kontaktpersoner

Erik Olsen
934 39 256