Hopp til hovedteksten
Lakselus
Utskriftsvennlig versjon

Bevegelsen til vatnet forklarer høge lusenivå i Sognefjorden

Lakselusmodellen til Havforskningsinstituttet viser kvifor det var mykje lus på vill laksesmolt i Sognefjorden i vår: I slutten av mai var straumen retta inn fjorden og transporterte dermed  lakseluslarvar innover i fjorden slik at smittepresset auka.

Lakselus vert transportert rundt i fjordane med straumen før dei set seg på fisk. Lusa bruker nokre dagar på å bli moden nok til å setje seg på fisk. På denne tida kan lusa drive fleire titals kilometer med straumen.

I vår oppdaga vi unormalt høge mengder lus på vill laksesmolt som svømte mot havet gjennom Sognefjorden. Dette til trass for at anlegga  rundt ikkje slapp ut meir lus enn i tidlegare år. Lusenivået på den ville fisken var så høgt at det minska fisken sin sjanse for å overleve (les meir).

Sidan lakseluslarvar er små og ikkje har moglegheit til å svømme imot straumen, har dei ingen anna moglegheit enn å følge vassmassane medan dei leiter etter ein fisk å setje seg på. Under den langvarige episoden med straum retta inn fjorden frå 20. mai til 5. juni (Figur 1) vart lakselus transportert med straumen, slik at det vart ei oppkonsentrering av lakselus innover fjorden frå munningen. Den vassborne transporten av lus viser tydeleg i resultata frå lakselusmodellen til Havforskingsinstituttet.

Straum i Sognefjorden 10. mai - 8. juni

Figur 1: Straum frå ytre del av Sognefjorden berekna med straummodellen NorKyst800 i perioden 10. mai til 8. juni 2017. Blå linje viser timesverdiar, medan oransje linje viser døgnmiddel. Raud vertikal linje viser skilje mellom smoltbur-periode 1 og 2. Positive verdiar er straum inn fjorden, og likeeins viser negative verdiar straum ut fjorden.

I animasjonen under kan vi sjå korleis modellen viser høg konsentrasjon av lakselus (gul farge) som vert transportert innover Sognefjorden med straumen. Siden det er få oppdrettsanlegg innover Sognefjorden stammar lakselusa vi finn der inne frå anlegg utanfor fjordmunningen i Gulen og Solund.


 

Figur 2: Lusekonsentrasjon på Vestlandet i perioden 20. mai til 11. juni. Gul farge viser område med mykje lus.

Det høge lusenivået vart bekrefta av fisk som var plassert i smoltbur for å overvake lusenivået (Figur 3). Smoltbura stod ute i fjorden frå 10. – 24. Mai (Periode 1), og med ny fisk frå 24. mai til 8. juni (Periode 2). Frå periode 1 til periode 2 hadde lusenivået i fjorden auka, og dei høgaste lusenivåa vart i periode 2 funne i smoltbura som sto innerst i fjorden, omlag ved Ortnevik.

Lus på fisk i smoltbur

Figur 3: Antal lus på fisk i smoltbur frå 10. – 24. mai (periode 1- øverst) og 24. mai – 8. juni (periode 2- nedst). Grøn farge viser mindre einn 1 lus per fisk, gult farge er 1 til 10 lus per fisk og raudt er over 10 lus per fisk. Storleiken på sirklane aukar med aukande lusemengde.

Fakta om lakselus

Latinsk navn: Lepeophtheirus salmonis salmonis (Atlanterhavet), L. salmonis oncorhynchi (Stillehavet)
Utbredelse: Finnes naturlig i norske farvann. Omfanget har økt betraktelig i takt med veksten i oppdrettsnæringen.
Biologi: Lakselusen er en parasitt med åtte livsstadier fordelt på tre frittlevende, to fastsittende og tre mobile stadier. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Størrelse: voksen hunn: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), voksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod fra laksefisk. Lusene spiser først når de sitter på en vertsfisk (fastsittende og mobile stadier).
Formering: Hele året, men formerer seg hurtigere når temperaturen øker utover våren.
Spredning: Frittlevende stadier sprer seg via fjord- og kyststrømmer.
Bekjempelse: Biologiske midler (leppefisk) eller kjemikalier (legemiddel).

Lakselus

Kontaktpersoner

Anne Dagrun Sandvik
474 08 020
Lars Asplin
994 04 871