Hopp til hovedteksten
Smits_og_Rogne.jpg
Havforskingsdirektør Sissel Rogne og Robert-Jan Smits snakka om kursen til havforskinga og rolla framover.
Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Besøk av EUs forskingssjef

Havforskingsinstituttet fekk i dag besøk av Robert-Jan Smits, som er øvste leiar for forsking og innovasjon i EU.

Det store EU-programmet Horizon2020 er midtvegs, og planlegginga av FP9 – EUs niande rammeprogram for forsking og innovasjon – er godt i gang. I den anledning har generaldirektør Robert-Jan Smits besøkt Noreg fleire gonger. Denne veka er han i Bergen.  

– Forskninga er viktig for alle

Nederlandske Robert-Jan Smits var også sentral i arbeidet med Horizon2020. Han er kjent som ein aktiv talsmann for «Open Science», der prosessar og deling av kunnskap står sentralt. 

– Havet er heilt sentralt for forskning framover. Det er eit grenselaust emne der vitskap og innovasjon blir avgjerande for å sikre framtidig velferd for heile Europa. Her speler Havforskningsinstituttet ein stor rolle, også internasjonalt, seier Robert-Jan Smits.

Innspel til neste rammeprogram

På agendaen hos Havforskingsinsituttet stod mellom anna drøfting av data, infrastruktur og marin forsking generelt.

Havforskingsinstituttet har levert innspel til dei overordna rammene for FP9, og foreslår blant anna satsing på berekraftig vekst i akvakulturnæringa på alle trofiske nivå (skjel, tare etc.), framtidig matproduksjon i kyst- og havområde og økosystembasert forvaltning bygt på økosystemforståing.     

Kontaktpersoner

Sissel Rogne
907 32 123