Hopp til hovedteksten
Korallrevfisk
Korallrevfisk blir påvirka av oljeforureining.
Utskriftsvennlig versjon

Oljesøl får fisk til å oppføre seg som fulle folk

På same måte som alkohol kan få eit menneske til å ta heller dårlege val, kan nokre få oljedråpar få korallrevfiskar til å leva farlegare.  

Oljesøl får korallrevfisk til å ta dårlege val, har eit internasjonalt forskarteam frå Havforskinga, USA og Australia funne ut. 
 
Forskarane undersøkte seks ulike sortar korallrevfisk, og fann ut at oljesøl påverka oppførselen til fiskane. 

Fisken tek større risiko 

Korallrevfisken har ein tøff oppvekst, dei er svært sårbare i barndommen. Sjølv i trygge, store populasjonar er det mindre enn ti prosent av embryo og larvar som overlever til dei er vaksne. 
 
Dei som overlever er dei som klarar å skilje venn frå fiende og ta smarte val; som å halda saman i større grupper, unngå opne farvatn og kjapt symja vekk frå fare. 
 
I ei rekke eksperiment fann forskarane ut at «ungdommane» som vart utsett for olje, ikkje tok desse forholdsreglane.
 
– Fiskane som hadde blitt utsett for oljesøl hadde ei risikoåtferd, seier forskar Andrew Esbaugh ved universitetet i Texas. – Sjølv i møte med ein fiende som vil eta dei.  
 
Forskarane fann også ut at oljeeksponering påverka fiskens evne til å finna ein passande plass å bu. I tillegg sleit ungfiskane med å utvikle seg, og overleva. 
 
Resultata vart nyleg presentert i det anerkjente tidsskriftet Nature Ecology Evolution. 
 
Forfatterdykk

Medforfattar Bridie Allan frå Havforskingsinstituttet blir studert av ein fisk under eit dykk. 

Foto: Ryan A Ramasamy Copyright Ryan A Ramasamy

Olje endrar oppførselen til fisk 

Det finst olje i hava over heile verda, men fram til no har ein hatt lite kunnskap om korleis olje påverkar korallrevfisk. 
 
Tidlegare studie på korleis olje påverkar fisk har vist deformasjonar og nedsett hjarte- og kar- funksjon. 
 
Dette er den første studien som viser at oljeeksponering faktisk påverkar oppførselen til fisk slik at dei vert eit lettare bytte, og mislukkast med å finne seg ein trygg heim. 

Ein trugsel mot verdas korallrev 

Desse resultata kan vera dårleg nytt for verdas korallrev. Mange korallrev er avhengige av at fisk fjernar algane som hindrar reva i å veksa og utvikla seg. 
 
Korallrev er dei mest komplekse økosystema i havet – og dei mest truga. Fleire hundre millionar menneske er avhengige av korallreva og fiskane som bur i dei for å kunne setja mat på bordet. Men høgare temperaturar i havet har ført til omfattande skader, kalla coral bleaching, altså at reva vert lysare. I tillegg er overfiske eit utbreidd problem.  
 
Denne forskinga indikerer at sjølv avgrensa oljeutvinningsaktivitetar nær korallrev kan få alvorlege konsekvensar. 
 
Bridie Allan

Bridie Allan.

Copyright Sarah Ancell

 

Viser dei enorme konsekvensane av oljesøl 

– Dei siste 35 åra har nær ein femtedel av alle korallreva i verda gått tapt, fortel forskar Jacob Johansen ved universitetet i Texas, som leia forskingsprosjektet. – Halvparten av reva som er igjen vil bli, eller står i stor fare for å bli, utrydda i løpet av dei neste tiåra. 
 
– Likevel tillèt framleis mange styresmakter industri i sårbare korallrev, som oljeutvinning. Dersom ein oljelekkasje skulle skje, viser vår studie at det vil få dramatiske følgjer for fisken, for korallrevet og for menneska som jobbar med fiskeri og turisme i området, seier Johansen. 
 
Forskarane brukte oljemengder på nivå med det som allereie finst i mange industrialiserte regionar i dag. Mengdene var på mellom 2/5 del pr. milliard, det tilsvarar eit par dropar i eit symjebasseng. 
 
Fisk som vert utsett for ei slik mengd olje har høgare dødelegheit både med ei gong, og over lengre tid, i tillegg til dei kognitive endringane. 
Desse resultata syner at ein i framtida bør inkludera hjernefunksjon som ein faktor, i tillegg til dei reint fysiske effektane, når ein skal vurdera helsetilstanden i eit økologisk system eller lage anslag over fiskepopulasjonar. 
 
Prosjektet var leia av Johansen og Esbaugh ved University of Texas, Austin, USA i samarbeid med Bridie Allan frå Havforskingsinstituttet og Jodie Rummer ved Australian Research Council Centre of Excellence for Coral Reef Studies, in James Cook, Australia.  Forskinga er støtta av the Gulf of Mexico Research Initiative og Lizard Island Research Foundation. 
 
Påvirka

Olje påverkar oppførsla til korallrevfisk. 

Foto: Christopher E. Mirbach Copyright Christopher E. Mirbach
 

Kontaktpersoner